Den 23.07.2014 11:50, skreiv Karl Ove Hufthammer:
ty. den 22. 07. 2014 klokka 22.51 (+0200) skreiv Johnny A. Solbu:
Når man oversetter hjelpestrenger, så står det som regel noe ala «Usage: %s [OPTION] ... blabla» i utdata fra «-h» eller i manaualfiler. Hva bør man oversette «option» med i disse tilfellene, «valg», «flagg» eller noe annet?
Den tradisjonelle bokmålsomsettinga har (så vidt eg kan sjå) vore «FLAGG» (med store bokstavar). Prøv for eksempel «ls --help» eller «wget --help». På nynorsk har eg brukt «VAL» (på bokmål ville vel dette blitt «VALG» eller «ALTERNATIVER»).
Eg oppfattar «FLAGG» som ei for snever omsetting. Det er jo typisk fleire ting enn flagg ein kan oppgje. Eg tenker her på flagg som på/av-brytarar. For eksempel er
--verbose
eit flagg, mens
--output-file=FIL
ikkje er det, sidan det tar eit argument. Det er iallfall slik eg har oppfatta ordet flagg.
I programmering er/var «flagg» alltid anten heist eller firt, altså på eller av. Så for meg også blir flagg noe snevert i denne samanhengen. Sjølv har eg ikkje hatt bruk for å omsetje akkurat slike tilfelle som nemnde, men eg bladde gjennom ein del po-filer frå ulike program, og det ser ut til at «val»/«valg» må vere ei god løysing. (Fann også «angi» ein eller annan staden, men det passa ikkje inn i den samanhengen). Helsing Kolbjørn Stuestøl