On Thu, 2008-11-20 at 07:38 +0000, Eivind wrote:
Men frå fleip til hoggtenner: Hender det at nokon på eiga hand ser over omsetjingar som er sende inn? Eg for min del ville setja pris på om nokon retta på meg eller tipsa om utbetringar. Viss det er noko å plukke på, kan eg vel berre sende ny po-fil til roboten, som etter det han sjølv seier, er sers tolmodig med slikt.
det hender at Skulelinux tek initiativ til språkvask av KDE og GNOME, men du bør nok helst be om det eksplisitt.
apropos det -- det såg veldig bra ut, men her er litt pirk:
#: src/DialogBookEditor.cc:81 msgid "Science Fiction" msgstr "Fabelprosa"
er ikkje så glad i dette namnet sjølv, eg klarer ikkje å la vere å tenkje på klassiske fablar som dei til Æsop og Brørne Grimm. Bing & Bringsværd prøvde seg også på å kalle det "fantastisk litteratur", som er noko betre etter mitt syn, men det er likevel ope for mistydingar. om ein absolutt skal omsetje det, ville eg kalla det "framtidslitteratur", sjølv om sci-fi ikkje treng ha handlinga satt i framtida. ("science fiction" treng ikkje innehalde vitskap heller, så då er vi skuls :-)
#: src/DialogMain.cc:49 msgid "Sort by _Rating" msgstr "Sorter etter vurdering"
her har "_" falle ut.
#: src/Controller.cc:233 #, c-format msgid "Unable to delete old book information" msgstr "Greidde ikkje sletta gamal bokinformasjon"
språknormen vår seier "gammal", så vidt eg hugsar.
"Me fekk ikkje til å sletta dokumentet, truleg på grunn av problem med tilgangsrettane dette programmet har.Pass på at programmet har alle rettar til "%s", og prøv att etterpå. Lei for trøbbelet."
her manglar det blank etter punktum. eg likar også betre "umaken" enn "trøbbelet".
"TheWalrus fann på namn til programmet."
"namnet" må det vel vere.