On Wed, 2008-11-19 at 20:42 +0100, Translation Project Robot wrote:
Hello, members of the Norwegian Nynorsk team.
The TP-robot is happy to announce the presence of a new PO file:
http://translationproject.org/PO-files/nn/bibshelf-1.4.0.nn.poAll of its 75 messages have been translated.
ikkje så ofte vi får meldingar frå denne roboten om 100% komplette omsetjingar -- bra jobba, Eivind :-)
ikkje så ofte vi får meldingar frå denne roboten om 100% komplette omsetjingar -- bra jobba, Eivind :-)
Takk og takk. No har det vel like mykje med å gjera at det var eit bittelite program å omsetja, samt at eg kvir meg for å merke omsetjingar som uklåre :-)
Men frå fleip til hoggtenner: Hender det at nokon på eiga hand ser over omsetjingar som er sende inn? Eg for min del ville setja pris på om nokon retta på meg eller tipsa om utbetringar. Viss det er noko å plukke på, kan eg vel berre sende ny po-fil til roboten, som etter det han sjølv seier, er sers tolmodig med slikt.
Beste helsing
Eivind
_________________________________________________________ Alt i ett. Få Yahoo! Mail med adressekartotek, kalender og notisblokk. http://no.mail.yahoo.com
On Thu, 2008-11-20 at 07:38 +0000, Eivind wrote:
Men frå fleip til hoggtenner: Hender det at nokon på eiga hand ser over omsetjingar som er sende inn? Eg for min del ville setja pris på om nokon retta på meg eller tipsa om utbetringar. Viss det er noko å plukke på, kan eg vel berre sende ny po-fil til roboten, som etter det han sjølv seier, er sers tolmodig med slikt.
det hender at Skulelinux tek initiativ til språkvask av KDE og GNOME, men du bør nok helst be om det eksplisitt.
apropos det -- det såg veldig bra ut, men her er litt pirk:
#: src/DialogBookEditor.cc:81 msgid "Science Fiction" msgstr "Fabelprosa"
er ikkje så glad i dette namnet sjølv, eg klarer ikkje å la vere å tenkje på klassiske fablar som dei til Æsop og Brørne Grimm. Bing & Bringsværd prøvde seg også på å kalle det "fantastisk litteratur", som er noko betre etter mitt syn, men det er likevel ope for mistydingar. om ein absolutt skal omsetje det, ville eg kalla det "framtidslitteratur", sjølv om sci-fi ikkje treng ha handlinga satt i framtida. ("science fiction" treng ikkje innehalde vitskap heller, så då er vi skuls :-)
#: src/DialogMain.cc:49 msgid "Sort by _Rating" msgstr "Sorter etter vurdering"
her har "_" falle ut.
#: src/Controller.cc:233 #, c-format msgid "Unable to delete old book information" msgstr "Greidde ikkje sletta gamal bokinformasjon"
språknormen vår seier "gammal", så vidt eg hugsar.
"Me fekk ikkje til å sletta dokumentet, truleg på grunn av problem med tilgangsrettane dette programmet har.Pass på at programmet har alle rettar til "%s", og prøv att etterpå. Lei for trøbbelet."
her manglar det blank etter punktum. eg likar også betre "umaken" enn "trøbbelet".
"TheWalrus fann på namn til programmet."
"namnet" må det vel vere.
men du bør nok helst be om det eksplisitt.
Då skal eg gjera det. Takk for tips.
msgstr "Fabelprosa"
Det stemmer, her har eg brukt nemningi som Bing & Bringsværd fann på. Den kan det sjølvsagt seiast både godt og gale om. Einig i at "fantastisk litteratur" er noko meir dekkande.
msgstr "Greidde ikkje sletta gamalbokinformasjon"
språknormen vår seier "gammal", så vidt eg hugsar.
OK. Eg har snoka litt på i18n.skolelinux.no, men fann ingenting om gamal/gammal der. Er det ein annan språknorm me pratar om, og er den i so fall tilgjengeleg nokon stad?
her manglar det blank etter punktum. eg likar også betre "umaken" enn "trøbbelet".
Sant nok, det gjekk litt fort der. Takk for gode tilbakemeldingar! Eg sender inn ny fil til den tolmodige roboten når eg får tid.
Beste helsing
Eivind
_________________________________________________________ Alt i ett. Få Yahoo! Mail med adressekartotek, kalender og notisblokk. http://no.mail.yahoo.com