Leif Halvard Silli skreiv 23. mai 2017 09:46:
On 22 May 2017, at 21:16, Karl Ove Hufthammer wrote:
Fann følgjande syntaksfeil i nynorskomsetjingane. Gjer vel og rett opp i desse.
Eg vart fegen då eg såg dette uttrykket - «gjer vel» - så fegen at eg tok det i bruk den omsetjinga eg driv med. (XMLMindEditor, sjå www.xmlmind.com)
Men sidan sitatet ovanføre handlar om syntaks, fekk eg hug å koma med eit synspunkt:
Fyrst: «Gjer vel» kan vera ei omsetjing av «please», på same måte som «Ver god» og «Ver så god», eller «Ver snill».
So: Over til syntaksen: Skal det koma ein infinitiv etter «Gjer vel»? Eller skal det koma eit «og»? Svaret er gjerne ikkje opplagt.
[…]
Artig problemstilling (og eg sette pris på Poirot-referansen). Dette var ikkje så lett. På nettet er tydelegvis begge variantane omtrent like mykje i bruk, med ein del tusen treff kvar. Men kva er «mest» rett? Nynorskordboka har «gjer så (vel)», men det er berre ein variant av «ver så god». Ordboka har òg den litt lengre varianten «gjer så vel å», men denne er det så godt som ingen som brukar. Dvs., Google gjev fire treff, der eitt av dei er på Nynorskordboka sjølv.
Kor går me så? Jo, til Norsk Ordbok, sjølvsagt: http://no2014.uio.no/perl/ordbok/no2014.cgi Men der er som kjent berre orda frå i- og utover søkbare elektronisk (/une tragédie/). Eg treng band IV, med undertittelen «gigle–harlemmerolje», som berre finst som trykt eksemplar.
Så kva gjer me då? Jo, me (eg) tar turen til – nei, ikkje biblioteket, men til – «Med andre ord», 3. utgåve, av Magne Rommetveit. Og som synonym til «vennligst» står det der oppført «gjer så vel».
/Ze mystery is solved/. Eg rettar skriptet.