Axel Bojer skreiv:
Jeg er ikke nynorskbruker selv, men spør dere på denne lista, siden vi har felles retningslinjer med dere om hvilke nynorsk språkform dere andre legger dere på, hva som virker konservativt og hva som er liberalt.
Eksemplene jeg fikk var: Døme: Vannrett / nynorsk vassrett, og vindu / nynorsk vindauge.
Hva mener dere andre om dette?
Som andre har påpeikt, er ikkje dette nynorsk, og er dermed uaktuelt å bruka i nynorskomsettingane våre.
Vi har http://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html#destHeader5
Virker disse valgene konservative? radikale? moderate? liberale?
Eg vil absolutt kalla dei moderate. Hadde dei vore konservative, hadde me brukt ord som «hyrne» og «turvande» i staden for «hjørne» og «nødvendig». Hadde dei vore liberale/bokmålsnære, hadde me brukt ord som «bare», «mye» og «noe» i staden for «berre», «mykje» og «noko».
Er for øvrig overraska over å sjå at retningslinjene våre føretrekk «behandling» framfor «handsaming». I nynorskomsettinga av KDE trur eg me for det meste har brukt «handsaming»/«å handsama».
Me følgjer òg konsekvent læreboknormalen, som automatisk avgrensar bruk av både veldig konservative og veldig radikale former.
(Det finst unntak. Firefox-omsettarane har for eksempel vald å ikkje følgja dei språklige retningslinjene våre, og brukar heller ikkje læreboknormalen.)
Grunnen til at me valde å følgja læreboknormalen, var for øvrig at programma skulle kunne brukast i skulen, der det var eit krav om at læremiddel skulle følgja denne norma,en (sjølv om ein då ikkje hadde noko som helst krav om at *elektroniske* læremiddel skulle finnast på norsk, og dei fleste var berre tilgjengelig på amerikansk).
Er det forresten nokon som veit korleis stoda er for krav til språk i dataprogram?