Den 19.04.2015 11:16, Thomas Nygreen skreiv:
- apr. 2015 10.01 skrev "Karl Ove Hufthammer" <karl@huftis.org
Eg synest ikkje «markup language» er noko godt engelsk ord på dette
(og det er dermed eit dårleg utgangspunkt for omsetting). Kva med å berre kalla det «formelspråk(et)».
Eller «formelkodar».
Eg er til dels samd med Karl Ove i at dette ikkje er eit (godt) markeringsspråk. Medan nokre symbol vert markert med %-kodar, sånn som %alfa, er det andre som ikkje skil seg ikkje ut frå annan tekst, til dømes simeq og sum. (Eg synest òg at om %alpha vert omsett til %alfa, så bør òg simeq omsettast.)
Eg likar ikkje «formelkodar» av di kodane ikkje treng å inngå i ein formel. Kva med «symbolkode» eller berre «kode»?
-Thomas
Som sagt gjeld omsetjinga ei første innføring i formelprogrammet Math i LibreOffice. Eit program som blir brukt for å skrive inn matematiske uttrykk med matematiske teikn. I den samanhengen trur eg forslaget frå Thomas Nygreen er det som er lettast å forstå for eventuelle lesarar. Altså «(symbol)kode». I andre samanhengar der sjølve kodespråket var viktigare, ville eg nok brukt «markeringsspråk». (Er forresten einig i at namnet på dette språket i utgangspunktet er dårleg, men det kan vi ikkje gjere så mykje med).
Det ser ut til at kodane "simeq", "times" osv. stort sett ikkje er laga for å omsetjast. Kanskje like greit. Får eg god tid ein dag, skal eg sjekke po-filene. Kanskje eg finn at dei kan omsetjast likevel. (Bruker nå stort sett Pootle server til arbeidet).
Elles er det ikkje «dataver» her hos meg nå, så det blir ikkje så mykje omsetjingsarbeid i dagane framover. Helsing kolbjørn