Eg ender opp med å vere fantasilaus nok til å bruke «bur» her. Dette ut frå argumentasjonen og innlegga frå ein del involverte + mine eigne meiningar. Sjølvsagt er eg mottakeleg for endringsforslag. Omsetjinga vil bli lagt ut på GIMP 2.8 nn så snart eg finn ut av korleis eg skal gjere det reint praktisk. Arbeid i "git" er ikkje mi sterke side ;-)
Kolbjørn
Den 08.05.2012 20:51, skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Den 07.05.2012 21:56, skreiv Karl Ove Hufthammer:
må. den 07. 05. 2012 klokka 21.36 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Verktøyet "cage" på norsk?
Takker for forslaga. Her i samandrag (noen er føreslått av fleire): Noe med strekk eller bøy Trykk- og strekk-bur (Noe med) gitter Frihåndsforvrengning, frihåndstransform (Fri) deformering (Fri) formendring (Fri) forvrengning
I noen tilfelle med verktøy i tillegg.
Eg er ikkje blitt einig med meg sjølv kva som er best. Kanskje det siste. Altså (fri) formendring.
Eg synest dette er dårlig, og meiner bur-transformering, maske-transformering (eller -formendring) eller noko liknande er den beste omsettinga. Det er ikkje snakk fri formendring; tvert imot! Det er heller ikkje snakk om ei gitterbasert formendring, der ein drar kontrollpunkt frå eit gitter. Det kan godt vera det i framtida kan dukka opp slike deformeringsverktøy (strekkjeverktøy).
Og om ein brukar bur-transformering, er det lett å kjenna att funksjonen om ein brukar den engelske utgåva, eller les om funksjonen på engelske nettsider (og omvendt).
I dei språka der "cage" er omsett, ser det ut til at det loale ordet for bur eller kasse el.l. er brukt. Nå er ikkje kunnskapane mine om andre språk så store, men det finst ordbøker på nettet. Eg har prøvd litt med «formendring», som eg i utgangspunktet meinte var den beste løysinga. Det blir nokså rotete å skrive dokumentasjonen til dette. «Formendring transformering» eller diverse omskrivingar blir vanskelg å oppfatte. Til nød «Transformeringsverktøyet formendring». «Bur-transformering» er enklare, sjølv om brukaren då må lære seg eit nytt innhald i ordet. «Bur» er kanskje det beste likevel? Sjølv om eg i utgangspunktet tykte det var meiningslaust. Som eg har skrive før: språk er eigentleg eit sett med vanar. (Kanskje filologane er usamde med meg her?)
Du har sjølvsagt rett i at det er enklast når omsetjinga er lett å overføre frå språk til språk. Ut frå det eg nemnde i innleiinga, er det vel ikkje utenkjeleg at svensk og dansk vel bur. Håper bokmål følgjer det denne lista kjem fram til.
Skal gjere eit forsøk med bur. Det blir i alle fall enklare å skrive dokumentasjonen.
Helsing Kolbjørn
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no