Ola Haugen Havrevoll skreiv 04.12.2025 09:17:
[Om bruk av KI til omsetjing] Dette må folk ha diskutert mykje alt, men kva meiner de?
Her er mine tankar om dette. Det kan *i framtida* potensielt vera nyttig å ta i bruk KI til *delar av* omsetjingsarbeidet. Ein kan for eksempel mata ein KI med dei språklege retningslinjene våre og med fellesordlista, og trena han opp (finjustering) på alle dei eksisterande omsetjingane. Då kan ein kanskje få både nyttige forslag og enkel automatisk korrekturlesing av eksisterande omsetjingar.
Men å bruka KI til automatisk omsetjing i dag meiner eg er ein dårleg idé. Her er to grunnar:
Språkmodellane er framleis for dårlege i norsk (og spesielt nynorsk). Språkrådet testa i oktober i år kvaliteten på norsk tekst generert av fire språkmodellar. Dei skriv i samandraget:
Vi fant mange feil i alle tekstene og flest feil i tekstene på nynorsk. Feilene er av alle slag, fra logisk og syntaktisk brist via engelske vendinger til manglende konsekvens i bruken av valgfrie former.
Her er heile rapporten: https://sprakradet.no/wp-content/uploads/Rapport-fra-test-av-sprakroboter-20...
Merk at det dei her har testa, er rein *generering* av norsk tekst. *Omsetjing* frå engelsk til norsk er eit ekstra (og veldig vanskeleg) steg, og det vil føra til endå dårlegare resultat.
Det kan vera dette blir mykje betre framover, men akkurat no er den språklege kvaliteten for dårleg.
Men den viktigaste grunnen til at automatisk KI-omsetjing av dataprogram til norsk ikkje kan fungera godt nok, er at omsetjingsfilene me brukar – og som er det einaste språkmodellane har tilgang til – *ikkje* inneheld alt ein treng for å omsetja dataprogrammet; dei inneheld faktisk berre ein liten del. Dei inneheld dei engelske tekstane, som jo er viktige, men for å kunna gjera ei god omsetjing, må ein *kjenna* programmet ein omset. Ein må ha brukt det. Ein må veta korleis programmet og dei ulike funksjonane i det fungerer og korleis brukaropplevinga er. Ein må kjenna til kva tekstar som framstår i same skjermbilde og korleis dei relaterer seg til kvarandre. Kva skjer når ein trykker på denne knappen? Korleis fungerer denne funksjonen?
Ein har sjølvsagt tradisjonelle problem med (dei altfor mange) orda som er tvetydige på engelsk (eks. «View», som kan vera blant anna både substantiv i ubunden form eller imperativform av eit verb), men òg når ord i den engelske teksten er utvetydige, må ein veta meir om programmet for å gje ei god norsk omsetjing. Er det for eksempel eit veldig teknisk program, der ein må bruka svært presise termar og tekniske ord, eller er det eit program for vanlege brukarar (eller kanskje barn), der ein bør bruka eit meir lettforståeleg, men kanskje ikkje heilt teknisk presist, språk. Ein må òg kjenna til kva omsetjingar som er gjorde i andre program, slik at ein får konsistente omsetjingar (og ein må vera klar over når det eventuelt er best å *ikkje* vera konsistent med andre program).
Denne kunnskapen er noko KI-modellane ikkje har tilgang til (og som dei ikkje lett *kan* få tilgang til), men som er essensielt for å få ei god omsetjing.
Elles stiller eg spørsmål om at omsetjing er så veldig tidkrevjande. Å omsetja enkeltord eller korte «tekstar» (nokre få ord), som er det det er mest, går i praksis svært raskt. Ein treng ikkje eingong skriva spesielt raskt på tastatur, og ein har ofte svært god hjelp (sjølvsagt når det gjeld effektivitet, men òg kvalitet) av det innebygde omsetjingsminnet i omsetjingsprogramma (som altså viser like/liknande omsetjingar frå andre omsettingsfiler). Det tidkrevjande er å gjera seg kjend med programmet ein omset og å testa ut omsetjinga i praksis og kvalitetskontrollera ho. Og å sitja å grunna på kva som eigentleg er den beste omsetjinga av ein gitt tekst.
Brukar ein KI til omsetjing må ein bruka så veldig mykje tid på etterbehandling/kvalitetskontroll, så eg trur tidsgevinsten *viss ein skal ha same kvalitet på sluttresultatet* i praksis blir rundt null eller til og med negativ. Og eg vil åtvara av å fira på kvalitetskrava. Det er ikkje betre å ha fleire program omsette dersom kvaliteten går ned. Viss omsetjingane vert for dårlege, vil folk gjerne slutta å bruka dei norske (eller «liksomnorske») versjonane og heller køyra programma på engelsk.