Kolbjørn Stuestøl skreiv 26.07.2024 20:37:
Den 26.07.2024 20:09, skreiv Johnny A. Solbu:
On Friday 26 July 2024 18:08, Karl Ove Hufthammer wrote:
diskdrive - platelager
«Platelager» har jeg aldri hørt noen bruke annet enn som skrekkeksempel på elendig oversetting. Da vil jeg mye heller foreslå «Harddisk, disklager, disk»
Eg har brukt disk, harddisk og meir generelt: lagringsmedium
«Platelager» var faktisk ein del brukt i «gamle dagar», då IT heitte EDB. Men no er det heilt ute. Teknisk òg, sidan moderne harddiskar (SSD-diskar) ikkje lenger er lager med plater.
Men når det gjeld «disk drive»/«disc drive» (som bør skrivast i to ord), merk at dette ikkje nødvendigvis gjeld ein harddisk. Me har for eksempel «optical disc drive» og «floppy disk drive» (stavemåten «disc» er litt vanlegare for CD-ar og DVD-ar, mens «disk» er litt vanlegare for lagringsmedium i datasamanheng, men bruken varierer).
Ordet «drive» kallar me vel helst «stasjon» på norsk, eks. «diskettstasjon» for «floppy (disk) drive». Men eg ser «stasjon» står med overstreking på fellesordlista, saman med «drev». Berre «lagringsenhet», «lagerenhet». Det er eg ueinig i. Kan me få tilbake -stasjon (som suffiks) her? Kan brukast i ord som diskettstasjon og Zip-stasjon.
Tilbake til «diskdrive». Her bør det engelske ord presiserast, slik at oppføringa vert «hard disk drive», med omsetjinga «harddisk».
hypertread - hypertrådet
Her ville jeg skrevet «Hypertråd».
Det er vel to (nærskylde) ord her. Føreslår:
hyperthread(ed) – hypertråd(et)
kernelsource, -code, -file – kildekode
Dette er ikke generel kildekode, dette er spesifikt kildekoden til Linux-kjernen. Usikker på ordbruk her, men hva med «kjernekilde»?
Me treng ikkje eiga oppføring for dette i ordlista. Det er snakk om kjeldekoden til Linux-kjernen, og då kan me omtala det som det. Og viss det er snakk om filer med «kernelsource» i namnet, skal det sjølvsagt ikkje omsetjast.
lauch – starte/kjøre
Ville valgt komma mellom ordene.
Er vel meint anten starte eller kjøre?
Ja, men me brukar vanlegvis komma i fellesordlista. Men ordet står i fellesordlista (då rettstava på engelsk, «launch») frå før.
preseed – forhåndsutfylt, preceed.cfg
Filen heter vel «preseed.cfg».
Er uansett ingen grunn til å ha filnamn med her. Og uansett ser dette ut til å vera noko Debian-spesifikt (https://wiki.debian.org/DebianInstaller/Preseed), så oppføringa høyrer nok ikkje heime i *felles*ordlista.
private - tilbakeføres
Her er riktig oversettelse «Privat».
Ja, og er vanleg ord, så treng ikkje stå i fellesordlista. For spesifikk dataterminologi som brukar ordet, kan me ha separate oppføringar (eks. «private key» → «privatnøkkel» (ikkje «privat nøkkel») i kryptografisamanheng).
quark – særhet, særegenhet Min ordbok foreslår «Kvark», hva nå dette enn er.
Tippar det er ei feilstaving av quirk. Treng uansett ikkje stå i fellesordlista.
redundans – reserve, overskudd, overflødighet, overtallinghet
redundans er det norske ordet for redundance. Det skal kanskje stå redundance i engelsk-feltet her?
Ja. Men me bør forkorta alternativa på norsk. Eg føreslår:
redundant/redundancy – reserve-, redundant/redundans
Ordet er ikkje mykje brukt. Her er eit eksempel:
You can specify multiple hosts for redundancy.
Det kunne me kanskje omsett noko slikt (er ikkje heilt fornøgd):
Du kan oppgje fleire vertar for å ha i reserve.
[Viss ein ikkje får tilgang til første vert, prøver ein nummer to osv.]