Då har eg endra til STABLA.VASSRETT og STABLA.LODDRETT. Dei andre funksjonsnamna nemnde i det første innlegget mitt er (førebels?) uendra. Skal endra dette også i https://stuestoel.no/office/calc/calc-funcs.php når eg får tid.
Veit ikkje når endringane blir tatt i bruk i LibreOffice.
Ser at alle andre tilfelle av stack på nynorsk er omsette tidlegare med stabel eller stabla.
Elles er eg van med å bruka stakk for stack i digital-logikk mellom anna, sjølv om det er «feil» norsk. Dei ordlistene eg har sett i, har berre klesplagg (kjole) og høystakk som tyding.
Kolbjørn
Den 23.02.2025 20:56, skreiv Sigmund Hansen:
Den 23.02.2025 16:14, skrev Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 22.02.2025 13:34:
Eg er einig i at forslaga dine er mykje betre enn Excel sine. At dei skil seg mykje frå engelsk, er ikkje noko problem. Mange funksjosnamn er svært ulike på norsk og engelsk. At dei også skil seg ut i høve til Excel, er kanskje eit større problem. Er vel nokre som kjem frå Excel til LibreOffice Calc, eller brukar begge. Eg har likevel lyst til å endra til STABLE.VASSRETT og STABLE.LODDRETT. Ikkje gjort, mellom anna fordi nettsidene for omsetjing av LibreOffice (https://translations.documentfoundation.org/) ligg nede nå pga. vedlikehald. Eit anna argument er at VSTAKK er kortare enn STABLE.LODDRETT.
Nokre meiningar om dette?
Ja, VSTAKK fungerer ikkje på norsk. Det er ikkje snakk om klesplagget skjørt (som er det «stakk» på norsk tyder); det er snakk om stabling (som er det «stack» på engelsk tyder). Så STABLA.LODDRETT er ei fin omseting (merk a-infinitiv).
Karl
Hadde aldri før hørt at stakk kan bety skjørt. Første jeg tenker på er en høystakk, som i så fall måtte blitt VSTAKKE. En haug føles ganske uorganisert ut, så å stable er helt klart bedre.
- Sigmund
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org