Eg har lagt ut dei nye funksjonsnamna i LibreOffice Calc i https://stuestoel.no/office/calc/calc-funcs.php.
Sidan eg ikkje har fått svar på forslag til omsetjingar, har eg brukt mine eigne forslag. Det er rimeleg enkelt å endre desse, så om nokon har innvendingar, tar eg gjerne i mot desse.
Funksjonsnamna er
CHOOSECOLS → VEL.KOLONNAR
CHOOSEROWS → VEL.RADER
DROP → DROPP
EXPAND → UTVID
HSTACK → HSTAKK
TAKE → TA
TOCOL → TIL.KOL
TOROW → TIL.RAD
VSTACK → VSTAKK
WRAPCOLS → BRYT.KOLONNAR
WRAPROWS → BRYT.RADER
Forslaga HSTAKK og VSTAKK er litt kinkige. H-en står for horisontal og V-en for vertikal. Skulle vel eigentleg vore V for vassrett og L for loddrett, men for å unngå forvekslingar m.a. med Excel, har eg vald slik det er ført opp.
Desse funksjonane er førebels ikkje komne med i dei vanlege utgåvene av LibreOffice, men dei kjem etter kvart.
Hei,
Når det gjeld HSTACK og VSTACK meiner eg omsettingane i Excel (til HSTAKK og VSTAKK) er dårlege. På same måte som LOOKUP, er STACK både verb og substantiv. LOOKUP (SLÅ.OPP), HLOOKUP (FINN:KOLONNE) og VLOOKUP (FINN:RAD) er alle omsett som verb. Gjer vi det same med HSTACK og VSTACK blir det STABLE.VASSRETT og STABLE.LODDRETT. Fordelen er at desse er meir sjølvforklarande, men ulempa er at dei skil seg veldig frå både engelsk og Excel.
Mvh Thomas Nygreen
fre. 14. feb. 2025 kl. 20:10 skrev Kolbjørn Stuestøl <kolbjoern@stuestoel.no
:

E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
Eg er einig i at forslaga dine er mykje betre enn Excel sine. At dei skil seg mykje frå engelsk, er ikkje noko problem. Mange funksjosnamn er svært ulike på norsk og engelsk. At dei også skil seg ut i høve til Excel, er kanskje eit større problem. Er vel nokre som kjem frå Excel til LibreOffice Calc, eller brukar begge. Eg har likevel lyst til å endra til STABLE.VASSRETT og STABLE.LODDRETT. Ikkje gjort, mellom anna fordi nettsidene for omsetjing av LibreOffice (https://translations.documentfoundation.org/) ligg nede nå pga. vedlikehald. Eit anna argument er at VSTAKK er kortare enn STABLE.LODDRETT.
Nokre meiningar om dette?
Kolbjørn
Den 17.02.2025 01:38, skreiv Thomas Nygreen:

: Eg har lagt ut dei nye funksjonsnamna i LibreOffice Calc i https://stuestoel.no/office/calc/calc-funcs.php.
Sidan eg ikkje har fått svar på forslag til omsetjingar, har eg brukt mine eigne forslag. Det er rimeleg enkelt å endre desse, så om nokon har innvendingar, tar eg gjerne i mot desse.
Funksjonsnamna er
CHOOSECOLS → VEL.KOLONNAR
CHOOSEROWS → VEL.RADER
DROP → DROPP
EXPAND → UTVID
HSTACK → HSTAKK
TAKE → TA
TOCOL → TIL.KOL
TOROW → TIL.RAD
VSTACK → VSTAKK
WRAPCOLS → BRYT.KOLONNAR
WRAPROWS → BRYT.RADER
Forslaga HSTAKK og VSTAKK er litt kinkige. H-en står for horisontal og V-en for vertikal. Skulle vel eigentleg vore V for vassrett og L for loddrett, men for å unngå forvekslingar m.a. med Excel, har eg vald slik det er ført opp.
Desse funksjonane er førebels ikkje komne med i dei vanlege utgåvene av LibreOffice, men dei kjem etter kvart.
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
Kolbjørn Stuestøl skreiv 22.02.2025 13:34:
Eg er einig i at forslaga dine er mykje betre enn Excel sine. At dei skil seg mykje frå engelsk, er ikkje noko problem. Mange funksjosnamn er svært ulike på norsk og engelsk. At dei også skil seg ut i høve til Excel, er kanskje eit større problem. Er vel nokre som kjem frå Excel til LibreOffice Calc, eller brukar begge. Eg har likevel lyst til å endra til STABLE.VASSRETT og STABLE.LODDRETT. Ikkje gjort, mellom anna fordi nettsidene for omsetjing av LibreOffice (https://translations.documentfoundation.org/) ligg nede nå pga. vedlikehald. Eit anna argument er at VSTAKK er kortare enn STABLE.LODDRETT.
Nokre meiningar om dette?
Ja, VSTAKK fungerer ikkje på norsk. Det er ikkje snakk om klesplagget skjørt (som er det «stakk» på norsk tyder); det er snakk om stabling (som er det «stack» på engelsk tyder). Så STABLA.LODDRETT er ei fin omseting (merk a-infinitiv).
Karl
Den 23.02.2025 16:14, skrev Karl Ove Hufthammer:

Hadde aldri før hørt at stakk kan bety skjørt. Første jeg tenker på er en høystakk, som i så fall måtte blitt VSTAKKE. En haug føles ganske uorganisert ut, så å stable er helt klart bedre.
- Sigmund
On Sun, 23 Feb 2025 at 19:57, Sigmund Hansen lister@chickensoft.com wrote:
Hadde aldri før hørt at stakk kan bety skjørt.
Det finnest et relativt kjent eventyr om ei som gikk med en stakk laget av tre: https://folkeeventyr.no/kari_trestakk/
Då har eg endra til STABLA.VASSRETT og STABLA.LODDRETT. Dei andre funksjonsnamna nemnde i det første innlegget mitt er (førebels?) uendra. Skal endra dette også i https://stuestoel.no/office/calc/calc-funcs.php når eg får tid.
Veit ikkje når endringane blir tatt i bruk i LibreOffice.
Ser at alle andre tilfelle av stack på nynorsk er omsette tidlegare med stabel eller stabla.
Elles er eg van med å bruka stakk for stack i digital-logikk mellom anna, sjølv om det er «feil» norsk. Dei ordlistene eg har sett i, har berre klesplagg (kjole) og høystakk som tyding.
Kolbjørn
Den 23.02.2025 20:56, skreiv Sigmund Hansen:
Den 23.02.2025 16:14, skrev Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 22.02.2025 13:34:
Eg er einig i at forslaga dine er mykje betre enn Excel sine. At dei skil seg mykje frå engelsk, er ikkje noko problem. Mange funksjosnamn er svært ulike på norsk og engelsk. At dei også skil seg ut i høve til Excel, er kanskje eit større problem. Er vel nokre som kjem frå Excel til LibreOffice Calc, eller brukar begge. Eg har likevel lyst til å endra til STABLE.VASSRETT og STABLE.LODDRETT. Ikkje gjort, mellom anna fordi nettsidene for omsetjing av LibreOffice (https://translations.documentfoundation.org/) ligg nede nå pga. vedlikehald. Eit anna argument er at VSTAKK er kortare enn STABLE.LODDRETT.
Nokre meiningar om dette?
Ja, VSTAKK fungerer ikkje på norsk. Det er ikkje snakk om klesplagget skjørt (som er det «stakk» på norsk tyder); det er snakk om stabling (som er det «stack» på engelsk tyder). Så STABLA.LODDRETT er ei fin omseting (merk a-infinitiv).
Karl
Hadde aldri før hørt at stakk kan bety skjørt. Første jeg tenker på er en høystakk, som i så fall måtte blitt VSTAKKE. En haug føles ganske uorganisert ut, så å stable er helt klart bedre.
- Sigmund
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
Ja, VSTAKK fungerer ikkje på norsk. Det er ikkje snakk om klesplagget skjørt (som er det «stakk» på norsk tyder); det er snakk om stabling (som er det «stack» på engelsk tyder).
«stack» på engelsk har same opphav som «stakk» i tydinga «såte» har på norsk. Og «høystakk» heiter nettopp «haystack» på engelsk. Når ein legg ting som ikkje flyt utover (som bøker) oppå kvarandre, seier dei framleis «stack» på engelsk, men eg har aldri sett «stakk» brukt om det på norsk.
Elles er eg van med å bruka stakk for stack i digital-logikk mellom anna, sjølv om det er «feil» norsk. Dei ordlistene eg har sett i, har berre klesplagg (kjole) og høystakk som tyding.
NAOB oppgir datastrukturen «stakk». Bokmåls-Wikipedia har «stakk» som oppslagsord og «stabel» som alternativ. Ingen av oppslagsorda i Bokmålsordboka og Nynorskordboka nemner datastrukturen. Men i desse reknearkfunksjonane refererer uansett ikkje «stack» til ein type datastruktur.
Så STABLA.LODDRETT er ei fin omseting (merk a-infinitiv).
Det var ikkje meininga å prøve å dytte på dokker kløyvd infinitiv ;)
-Thomas
Bare for å skyte inn: Ordet «stakk» har blitt brukt som norsk ord for «stack» i forelesning og undervisning jeg har hatt på Dataingeniør ved NTNU.
Vh John
- feb. 2025 kl. 17:04 skrev Thomas Nygreen nygreen@gmail.com:

-Thomas _______________________________________________ E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
må. den 24. 02. 2025 klokka 17.23 (+0100) skreiv John Ivar Eriksen:
Bare for å skyte inn: Ordet «stakk» har blitt brukt som norsk ord for «stack» i forelesning og undervisning jeg har hatt på Dataingeniør ved NTNU.
ja, men som Thomas skreiv er det ikkje snakk om ein stakk.
- feb. 2025 kl. 17:04 skrev Thomas Nygreen nygreen@gmail.com:
NAOB oppgir datastrukturen «stakk». Bokmåls-Wikipedia har «stakk» som oppslagsord og «stabel» som alternativ. Ingen av oppslagsorda i Bokmålsordboka og Nynorskordboka nemner datastrukturen. Men i desse reknearkfunksjonane refererer uansett ikkje «stack» til ein type datastruktur.
her er dokumentasjonen for VSTACK:
https://support.microsoft.com/en-us/office/vstack-function-a4b86897-be0f-48f...
eg kjenner ikkje Excel så godt, så veit ikkje kva beslekta funksjonar som finnest, men om det ikkje var begrensningar i lengda på funksjonar, ville eg foreslått noko slikt som MATRISE.LEGGTIL.LODDRETT
Den 24.02.2025 22:40, skreiv Kjetil Torgrim Homme:

Byt ut en-us med nb-no i adressa ovanfor for å få den norske (bokmål) versjonen. Prøver du med nn-no får du likevel nb-no.
eg kjenner ikkje Excel så godt, så veit ikkje kva beslekta funksjonar som finnest, men om det ikkje var begrensningar i lengda på funksjonar, ville eg foreslått noko slikt som MATRISE.LEGGTIL.LODDRETT
Eigentleg det forslaget som seier mest om funksjonen.
Kolbjørn Stuestøl skreiv 14.02.2025 20:10:
Eg har lagt ut dei nye funksjonsnamna i LibreOffice Calc i https://stuestoel.no/office/calc/calc-funcs.php.
Ønskjer du at me legg denne oversikta ut som ei ordliste-side på https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/? Eg synest iallfall det er greitt å få samla alle ordlistene vår der.
Den 02.03.2025 17:04, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 14.02.2025 20:10:
Eg har lagt ut dei nye funksjonsnamna i LibreOffice Calc i https://stuestoel.no/office/calc/calc-funcs.php.
Ønskjer du at me legg denne oversikta ut som ei ordliste-side på https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/? Eg synest iallfall det er greitt å få samla alle ordlistene vår der.
Heilt greitt. Einig i at det er betre å ha alt samla.
Kolbjørn Stuestøl skreiv 03.03.2025 17:59:

Fint. Er nettsidene originalformatet, eller har du tabellane i eit rekneark eller liknande?
Kolbjørn Stuestøl skreiv 03.03.2025 17:59:
Eg har lagt ut dei nye funksjonsnamna i LibreOffice Calc i https://stuestoel.no/office/calc/calc-funcs.php.
Ønskjer du at me legg denne oversikta ut som ei ordliste-side på https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/? Eg synest iallfall det er greitt å få samla alle ordlistene vår der.
Heilt greitt. Einig i at det er betre å ha alt samla.
Har no laga eit utkast til ordlista: https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/merge_requests/7
Viss nokon kan stadfesta at det ser greitt ut, skal eg få publisert sida.
Karl Ove Hufthammer skreiv 05.03.2025 19:53:

Hans Fredrik Nordhaug har sjekka det, og sida er no tilgjengeleg her: https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/ordlister/libreoffice-calc-funksjonsna...
ons. 5. mars 2025 kl. 21:30 skrev Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org:

Jeg ser at jeg kunne vært strengere ;-) Vi burde hatt alfabetisk liste i høyremenyen som på https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/nb/Fellesordl.eng-no.html
Og tabellen blir veldig bred - hadde vært flott å kunne bare vise den/de kolonnen(e) du ønsker, f.eks. nynorsk. Det kan fikses med litt JavaScript og kanskje med CSS også.
Hans
Den 05.03.2025 21:50, skreiv Hans Fredrik Nordhaug:

Den opphavlege lista er skrive i språket PHP, og då er det enkelt å fjerne ein kolonne eller gjere andre endringar. (Mykje har eg automatisert). Sikkert enkelt i programmet Karl Ove bruker også. Men skal ein fjerne f. eks. bokmål eller Excel blir noko av vitsen borte. Lista blei opphavleg laga i håp om å sameine namna i bokmål og nynorsk med litt skråblikk på Excel (viss namna brukte i Excel var nokolunde brukande).
Reknar med at det er enkelt å legge inn ei alfabetisk meny. Hadde nok vore til hjelp.
Helsing Kolbjørn
Hans _______________________________________________ E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
Hans Fredrik Nordhaug skreiv 05.03.2025 21:50:
Hans Fredrik Nordhaug har sjekka det, og sida er no tilgjengeleg her: https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/ordlister/libreoffice-calc-funksjonsna...
[…]
Og tabellen blir veldig bred - hadde vært flott å kunne bare vise den/de kolonnen(e) du ønsker, f.eks. nynorsk.
Grunnen til at tabellen vert veldig brei, er at han inneheld nokre veldig lange funksjonsnamn, som for eksempel «AVRUND.GJELDENDE.MULTIPLUM.OPP.MATEMATISK». Sidan dei ikkje inneheld mellomrom, kan dei ikkje delast over fleire linjer.
Ei potensiell løysing hadde vore å setta inn teiknet «Zero Width Space» (U+200B) etter kvart punktum, for å tillata orddeling (utan bindestrek) der. Men det er uheldig, då det *endrar* teksten (på ein usynleg måte). Kopierer ein inn funksjonsnamnet i for eksempel Calc, vil det altså ikkje lenger fungera.
Det er dessverre ikkje mogleg å seia (med CSS) at ein tillèt orddeling ved punktum. Det næraste ein kan gjera, er å tillata orddeling ved vilkårlege teikn. Det er kanskje ei akseptabel løysing? Då kan formelen verta sjåande for eksempel slik ut:
AVRUND.GJELDENDE.MUL TIPLUM.OPP.MATEMATISK
Er det OK?
Kolbjørn Stuestøl skreiv 06.03.2025 19:43:
Hans Fredrik Nordhaug har sjekka det, og sida er no tilgjengeleg her: https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/ordlister/libreoffice-calc-funksjonsna...
Jeg ser at jeg kunne vært strengere 😉 Vi burde hatt alfabetisk liste i høyremenyen som på https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/nb/Fellesordl.eng-no.html […]
Reknar med at det er enkelt å legge inn ei alfabetisk meny. Hadde nok vore til hjelp.
Eg ser ikkje den heilt store nytten (vanlegvis vil ein vel heller søka enn bla), men eg kan gjera dette. Då vert altså tabellen delt inn i mange småtabellar, éin for kvar bokstav.
Karl Ove Hufthammer skreiv 09.03.2025 10:41:
Det er dessverre ikkje mogleg å seia (med CSS) at ein tillèt orddeling ved punktum. Det næraste ein kan gjera, er å tillata orddeling ved vilkårlege teikn. Det er kanskje ei akseptabel løysing? Då kan formelen verta sjåande for eksempel slik ut:
AVRUND.GJELDENDE.MUL TIPLUM.OPP.MATEMATISK
Det er no gjort. Resultatet kan de sjå her: https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/ordlister/libreoffice-calc-funksjonsna...
Eg synest det ser heilt greitt ut. Har òg ordna det slik at alle kolonnane er like breie.