Laurdag 17. januar 2009 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg vil for eksempel tippa at «A4 tab» er A4-faneblad.
«Faneblad» er vel eigentlig dansk(aktig). På nynorsk kan me bruka «skiljeark». Eg ser at både «skilleblad» og «skilleark» er i bruk på norsk (bokmål), men berre «skilleark»/«skiljeark» står i fullforms- ordlistene, so det er best å bruka dette (altso «skiljeark» på nynorsk og «skilleark» på bokmål).
Teknisk sett treng ikkje skiljeark ha ein fane, men på nettbutikkar for kontorrekvisita *har* dei alltid(?) det, og omsetjinga bør derfor vera uproblematisk.