-----BEGIN PGP SIGNED MESSAGE----- Hash: SHA1
Korleis skal papirstorleikar omsetjast? GTK+ inneheld ei lang remse med papirvariantar eg ikkje har høyrt om før. Nokre døme:
asme_f A0x2 A3 Extra A4 Tab B1-B10 C1-C10 B6/C4 DL Envelope Choukei 2 Envelope hagaki (postcard) oufuku (reply postcard) you4 Envelope Arch A c5 Envelope European edp Executive FanFold European FanFold German Legal Government Legal Government Letter Index 4x6 (postcard) Invoice Tabloid Monarch Envelope #10 Envelope Invite Envelope ROC 16k
Ein del av dette er lett å setja om, så som A<n>, men kva med dei namna som inneheld ordentlege ord? Skal dei omsetjast, eller er alt særnamn?
- -- Åsmund Skjæveland
On Sat, 2009-01-17 at 20:16 +0100, Åsmund Skjæveland wrote:
Korleis skal papirstorleikar omsetjast? GTK+ inneheld ei lang remse med papirvariantar eg ikkje har høyrt om før. Nokre døme:
asme_f A0x2 A3 Extra A4 Tab B1-B10 C1-C10 B6/C4 DL Envelope Choukei 2 Envelope hagaki (postcard) oufuku (reply postcard) you4 Envelope Arch A c5 Envelope European edp Executive FanFold European FanFold German Legal Government Legal Government Letter Index 4x6 (postcard) Invoice Tabloid Monarch Envelope #10 Envelope Invite Envelope ROC 16k
Ein del av dette er lett å setja om, så som A<n>, men kva med dei namna som inneheld ordentlege ord? Skal dei omsetjast, eller er alt særnamn?
"Envelope" og "[reply] postcard" synest eg du skal omsetje, i alle fall. vanskeleg å seie om "Invoice" bør omsetjast, finnest det ein amerikansk(?) papirstandard for faktura?
Laurdag 17. januar 2009 skreiv Åsmund Skjæveland:
Korleis skal papirstorleikar omsetjast? GTK+ inneheld ei lang remse med papirvariantar eg ikkje har høyrt om før.
A-, B- og C-seriane definerte i ISO 216, ISO 216 og ISO 269, samt DL-formatet, er uproblematiske. Eg veit ikkje om du bør ta med ein indikator for konvolutt- format, eks.: C6/5 (konvolutt). C-serien kan jo i teorien brukast til andre ting enn konvoluttar (sjølv om eg ikkje kjenner til eksempel der dette vert gjort i praksis). I utgangspunktet ville eg tatt med indikatoren.
Dei amerikanske papirformata Letter, Legal, Ledger og Tabloid skal *ikkje* omsettast (det er ein valig feil å setta om «Letter» til «Brev»).
Elles kan ting tyda på at lista ikkje brukar dei offisielle namna. Mon tru om ikkje dei med A0x2 meiner 2A0? Og skal det verkelig vera liten «o» i «oufuku»?
Elles får du berre prøva å søkja på nettet og sjå i kjeldekoden for å finna ut kva papirformata er og kva dei offisielle namna skal vera. Eg vil for eksempel tippa at «A4 tab» er A4-faneblad.
Laurdag 17. januar 2009 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg vil for eksempel tippa at «A4 tab» er A4-faneblad.
«Faneblad» er vel eigentlig dansk(aktig). På nynorsk kan me bruka «skiljeark». Eg ser at både «skilleblad» og «skilleark» er i bruk på norsk (bokmål), men berre «skilleark»/«skiljeark» står i fullforms- ordlistene, so det er best å bruka dette (altso «skiljeark» på nynorsk og «skilleark» på bokmål).
Teknisk sett treng ikkje skiljeark ha ein fane, men på nettbutikkar for kontorrekvisita *har* dei alltid(?) det, og omsetjinga bør derfor vera uproblematisk.