ty. den 24. 07. 2012 klokka 15.51 (+0100) skreiv Johnny Solbu:
Jeg har problem med å blindt akseptere étt punkt under «Faste uttrykk» i den listen. Og med mindre noen kan forklare meg _hvorfor_ jeg skal følge det ene punktet, akter jeg å gjøre hva jeg vil med det ene puktet i listen, fordi det er feil i noen situasjoner.
Eksplisitt er det dette jeg finner problematisk:
Original Dårleg Betre Could not Kunne ikkje Klarte ikkje Can not Kan ikkje Klarte ikkje Unable to Ikkje i stand til Klarte ikkje ===
Bakgrunnen for dette punktet, som for mange andre, er inkonsekvente engelske originaltekstar. Nokre program og feilmeldingar i program skriv «Could not», nokre skriv «Can not» og nokre skriv «Unable to» (og det finst sikkert fleire andre variantar), sjølv om det ikkje er noko forskjell i meiningsinnhaldet; det var berre tilfeldigvis den formuleringa forfattaren kom på å bruka. På norsk ønskjer me å prøva å gjera dette meir konsekevent, språklig sett.
Det *er* ein vesensforskjell på å ikkje kunna gjera noko, og at ein ikkje klarte å gjera noko, men i praksis i dataprogram er det det siste som er meir aktuelt. Eksempel: Viss eit dataprogram ikkje støttar utskrift, vil det rett og slett ikkje ha ein utskriftsknapp. Det vil ikkje ha ein utskriftsknapp som kjem med feilmeldinga «Kan ikkje skriva ut» når ein trykker på han!
Det kan vera ein teknisk forskjell på korleis ting er implementert, eks. om programmet *prøver* på noko men får feilmeldinga frå ein ytre komponent, eks. at programmet *prøver* å senda eit dokument til skrivaren, men skrivaren svarar «tom for papir», og at programmet *sjekkar* før det gjer noko, eks. spør om skrivaren har papir for uskrift, før det eventuelt utfører handlinga, her utskrifta. I første tilfelle vil det *teoretisk* sett vera rett med «klarte ikkje» mens i andre tilfelle er det rett med «kan ikkje», men for brukaren er dette *heilt irrelevant*; det er berre tekniske implementasjonsdetaljar som berre har noko å seia for han/ho som laga programmet. Desse detaljane kan vera grunnen til at forfattaren skreiv feilmeldinga akkurat slik, men for brukaren framstår det berre som inkonsekvent språkbruk (om vedkommande skulle reflektera over det …).
I nokre tilfelle *vil* det vera rett å skriva «kan ikkje», og då bør ein gjer det i staden for «klarte ikkje», men dette er i regelen *ikkje* dei tilfella det står «can not» i originalteksten. Ein bør derfor vanligvis skriva «klarte ikkje», og berre avvika frå dette når ein faktisk har grunn til det (og for dataprogram vil dette vera svært sjeldan).