Tysdag 9. juni 2009 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Viser igjen til innlegget http://groups.google.com/group/no.it.os.unix.linux.diverse/msg/ff9f005007622 783
Alle andre Linux-distribusjonar enn Ubuntu (og Ubuntu-derivat) har dei rette/gode/offisielle omsettingane; feilomsettingane og det dårlige språket er noko *buntu er åleine om.
Det gjeld for øvrig ikkje berre norsk. Veldig mange av omsettingslaga til KDE har klaga over at *buntu-versjonane av KDE har eit til dels katastrofalt dårlig språk, og grunnen er alltid at dei ikkje brukar dei offisielle omsettingane.
Det gjeld heller ikkje berre KDE. Eg sjekka nettopp OpenOffice.org, og òg der har Ubuntu omsettingar som overstyrer dei offisielle. For eksempel er produktnamnet «Groupwise» «omsett» til det noko forvirrande «Gruppevis» i Ubuntu, og den korrekte stavemåten «Enkjer» er endra til sideforma «Enker».
Det var berre to eksempel eg fann i farten. (Det er ikkje lett å finna fram i Launchpad!)
I andre samanhenger vert feilaktige omsettingar «låst» av fullstendig mystiske grunnar. Sjå for eksempel denne for Tux Paint: https://translations.launchpad.net/ubuntu/jaunty/+source/tuxpaint/+pots/tuxp...
Her vil Ubuntu for alltid ha feilomsettinga «mistre» i staden for «mister». Denne meiner Launchpad både er «Translated» og «Reviewed» av meg (korfor har eg inga aning om!), og bør overstyra den offisielle. So lenge ingen går gjennom alle omsettingsfilene for norsk i Launchpad manuelt, for alle programma og alle versjonane (det tek nok berre nokre år å gjera, om ein er effektiv, iallfall), vil Ubuntu-brukarar i all framtid oppleva at slike merkelige omsettingar dukkar opp i programma dei brukar.