Torsdag 18. juli 2002 15:35 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Axel Bojer axelb@start.no skreiv i innlegget news:OFAE7061A1.2E258100-ONC1256BFA.002BB9CE@akershus-f.kommune.no:
<td>literal</td> - <td>bokstavlig </td> + <td>bokstavlig, literal</td>
Det skal skrives: bokstavelig (bokmålsordboka).
Nei, begge former er lovlige.
Berre på nynorsk, faktisk: http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=bokstav%25lig&be... (Viss eg ikkje misforstår, då.)
Hvorfor vil du legge til «literal»?
Fordi dette (substantiv, ikkje adjektiv) er eit mykje brukt faguttrykk.
OK.
<td>locale</td> - <td>lokalitet, regionaldata, lokale </td> + <td>lokale, regionaldata, lokalitet</td>
Legg til «lokaltilpassing». (-ing til fordel for -ning, siden du nevner dette i neste post ...).
OK, men er ikkje dette ei omsetjing av «localization»?
Jau, eigentleg. Grunnen til at me har teke det med er at «locale» har vore brukt (t.d. i KDE) som tittel på eit oppsettprogram for lokale innstillingar, og då fungerer ikkje «lokale» særleg bra. Når eg tenkjer over det, vil nok «Lokale innstillingar» vera eit betre namn akkurat der.
<td>mailinglist</td> - <td>diskusjonsliste, (e-)postliste </td> + <td>distribusjonsliste, e-postliste, diskusjonsliste</td>
Vi foreslår bare «e-postliste»
Eg vil ha med «distribusjonsliste», men kan plassera det bakerst.
Me tok vekk alternativa fordi engelsk «mailinglist» er like generelt som norsk «e-postliste». «Distribusjonsliste» (og «diskusjonsliste») er vel eit trongare omgrep som heller kunne stått under dei tilsvarande engelske omgrepa?
Vi vil ha: håndbok, veiledning, bruksanvisning, manual,
Det forresten unødvendig å skriva æ, ø og å som entitetsreferansar.
Ja, eg trur det er Mozilla si skuld.
Stryk «ymse» (nynorskord)
«Ymse» er òg lovlig på bokmål.
Dei andre på huset er visst ikkje så glade i samnorsk ;-)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes