Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com writes:
I skriveprogram (særleg for programmering og slikt) finn me ofte ein funksjon som vert kalla 'highlighting'. Funksjonen markerer visse ord og konstruksjonar med fargar, slik at ein lettare får oversikt over C-kode, HTML eller kva det måtte vera.
Dette er "syntax highlighting", ikkje berre "highlighting".
"Highlighting" vil eg omsetje med "framheving" (fungerer betre i verbalfrasar). I nokon samanhengar kan ein nok bruke "merking" (som du foreslær under).
I bokmåls-KDE er den direkte omsetjinga 'opplysing' brukt. På nynorsk har eg brukt 'syntaksmerking', som eg trur er litt meir forklarande. Men kva meiner de andre? Finst det kanskje eit tredje alternativ som er best?
"Syntaksmerking" er eit godt ord for "syntax highlighting".
Kjetil T.