Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com writes:
Det er nokre uttrykk som ikkje er omsett, og nokre som er markerte 'fuzzy'. Her er ein kort gjennomgang:
Catch up Det har me snakka. Treng desperat forslag til omsetjing.
Eg synest at det engelske uttrykkjet var veldig dårleg. Eg ville kalla det "jukse-synkronisering" eller noko slikt.
Chunk size Forslag? Me har òg feilmeldinga 'Error reading chunked response body'.
"Oppdelingsstorleik", "oppdelt svar". Hugs på at ein godt kan bruke andre setningsstrukturar enn på engelsk. Det løner seg ofte å skrive om til verbalfraser. (Kanskje ikkje aktuelt her.)
Response body/header 'body' trur eg kan kuttast ut, men kva kallar me 'header'? Eg har prøvd med 'hovud' og 'linje'. Det fungerer fint i f.eks. 'response header' ('svarhovud') og 'HTTP headers' ('HTTP-linjer'), men 'Malformed header line' er meir problematisk.
Klassisk problemord. Har dessverre ingen flott fasit.
Remote Eg har brukt omsetjing 'fjern', men den hørest av og til litt, vel, fjern ut. Det er her snakk om 'fjerne filer' og 'fjerne nettstadar'.
Tilkopla?
Followed Er litt usikker på kor denne blir brukt.
Use the Source, Luke!
Be quiet while performing the operation Be silent while perforing the operation Forslag til omsetjing?
"Ver stille", og "ver pistestille"? :) "tyst"/"tagal"
The server does not support the executable live property. Denne forstår eg ikkje.
UTSL eller spør utviklaren.
If this message persists, turn off safe mode. Slå på sikkermodus viss denne meldinga held fram.
"av", meiner du vel.
Usikker på kva eg skal omsetja 'persists' til.
Alternativ er "ikkje går bort", "ikkje forsvinn". "held fram" er ok, men bør kanskje utfyllast.
"Slå på sikkermodus viss denne meldinga dukkar opp neste gong også."
Server does not allow partial GETs. Tenaren kan ikkje handtera delvise GET-kommandoar. 'delvise' hørest litt rart ut.
Skriv om, eller bruk "partiell" som eit slags faguttrykk. Det er eit ganske vanleg framandord, så ...
Non-recoverable error in resolver library. Kva kan 'Resolver library' omsetjast til?
"det delte biblioteket for namneoppslag"
Kva skal med setja om 'option' til? Eg ser det i bokmåls- og nynorskomsetjinga av kommandolinjeverktøya er brukt 'flagg'. Dette oppfattar eg som direkte feil, då eit flagg er noko som kan ta to verdiar (av/på) (jf. <URL: http://www.sra.co.jp/people/katsu/doc/jargon/flag.html >). Mange av dei 'option'-ane som er brukt, kan ta argument, og då blir det feil å snakka om flagg. Eg synest omsetjinga Gaute har brukt i KDE, val, er grei. Synspunkt?
Eg synest vi kan halde oss til "flagg" om "option" for kommandolinjeverkty, men i andre samanhengar vil nok "val" vere betre.
Kjetil T.