On Thu, 2009-06-25 at 19:41 +0200, Eirik U. Birkeland wrote:
Hei. Eg tok meg ei økt på nynorskomsetjing av KTorrent her i stad og såg etter kvart at Fellesordlista ikkje er heilt oppdatert på orda som er relaterte til dette. Eg tenkte difor å kome med nokre framlegg til nye oppføringar til ordlista. Dette er dei omsetjingane eg har brukt i nynorskomsetjinga så langt, men alle er sjølvsagt opne for diskusjon før dei vert lagde inn:
torrent → torrent (ikkje filstraum) tracker → sporar
om ein heller skal sjå på funksjon, kunne kanskje noko i retning "organisator" fungere. (det står heilt stilt for meg akkurat no.)
peer → delar?
eg ville valt "deltakar".
seeder → delar
her ville eg sagt "kjelde".
leecher → nedlastar
den er god.
chunk → blokk
her er det mykje forvirring i terminologien, dessverre, og eg veit ikkje kva "KTorrent" meiner med "chunk".
spesifikasjonen seier at innhaldet er delt opp i "pieces". kvar "piece" er typisk 1 MiB eller deromkring (det er definert i torrent-fila), og har ein SHA1-signatur i torrent-fila. 1 MiB er litt i meste laget å laste ned for treige linjer, og derfor vil klientane utveksle partielle "pieces", og dette vert kalla "blocks". ei "block" er vanlegvis på 16 KiB, men klienten kan be om opptil 32 KiB i slengen.
sannsynlegvis meiner KTorrent "piece" når dei skriv "chunk".
kva skal vi så omsetje det med? "blokk" vil som du forstår fort kunne mistydast som norsk for "block". ei direkte oversetjing, "piece" -> "bit" kan mistydast som eitt binært siffer... "del" er ikkje så veldig mykje betre. "lut" er litt gammalmodig. det beste eg kan kome på er "stykke".
swarm → sverm
Grunnen til spørsmålsteiknet ved peer er at eg ikkje har heilt klart for meg skilnaden på ein «peer» og ein «seeder». Omfattar «peers» kanskje både «seeders» og «leechers»? Kva kan i så fall vere eit fellesomgrep for desse to?
det stemmer at peers == seeds + leeches.