Som vanleg har du mange gode argument.
Eg valde å bruke «Språk og region». Meiner dette passar på eit dialogvindauge ut frå innspela i forumet.
Helsing Kolbjørn
Den 14.12.2023 22:10, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Leif Halvard Silli skreiv 11.12.2023 13:57:
I Plasma heiter tilsvarande oppsettmodul rett og slett «Språk og region». Eg synest det er kort og greitt.
Samd. Men «Språk- og regionval» hadde og vore kort og greitt - pluss at det hadde teke vare på fleirtalet i originalen - det høver og med at gjerne snakk om fleire val (prioriterte språkval med meir).
Ja, det er òg greitt. Men om det vert vist i eit innstillingsvindauge der alle kategoriane gjeld ulike typar val/innstillingar, er nok «-val» overflødig.
Men korleis ville de ha omsett berre «Locale»?
Det har vore kalla «lokale» på norsk. Men ein bør nok reservera dette til tekniske samanhengar.
I mitt fall er «Locale» merkelappen på ein sprettoppmeny som let deg velja målform. Sjølv har eg brukt «Plass» («Plassval» er og eit alternativ).
Noko vil hevda at lokale i prinsippet *eigentleg* ikkje har noko som spesielt med språk, region eller liknande å gjera. Det er eigentleg berre eit sett standardinnstillingar som har fått eit namn. No er namnet gjerne «English (UK)» eller «en_GB.utf8», men det kunne (nesten) òg vore «Bjarne».
Når eg vel lokalet mitt, seier eg for eksempel at standard papirstorleik skal vera A4, standardvaluta norske kroner, at eg vil ha datoformatet ÅÅÅÅ-MM-DD og at alle feilmeldingar skal (helst) visast på nynorsk. Men alt dette er jo berre eit sett personlege standardinnstillingar.
Men i *praksis* oppfattar brukaren lokale-innstillingar som eit val av språk og ev. òg land/region, så i brukarretta programvare, der det er viktigare å vera brukarvennleg og lettforståeleg enn heilt teknisk presis, synest eg det er betre å berre kalla det berre «språk», «språk og region» eller liknande.
Før har eg òg prøvd «Målform» (ein kunne og tenkt seg «Målformval») – eg tykkjer «målform» dekkjer ganske bra kombinasjonen av språk pluss plasstilpassingar.
Målform er noko anna, jf. definisjonen i ordboka: https://ordbokene.no/bm,nn/search?q=m%C3%A5lform&scope=ei