Sigmund Hansen skreiv 13.05.2021 00:38:
Egentlig vet jeg ikke om jeg synes den engelske termen er spesielt god. "Word Joiner" høres ut som noe som slår sammen to ord. Ikke noe som låser en bestemt posisjon i ordet fra å brukes i orddeling.
Jo, men hovudformålet med teiknet er nettopp å slå saman to ord. Det skal brukast i asiatiske skriftspråk som ikkje *har* noko mellomrom. Alle «orda» (teikna) står då kloss inntil kvarandre. Men når ein kjem til slutten av ei linje, må ein likevel dela, og då kan ein i utgangspunktet dela fritt. For å unngå at to *ord* som eigentleg høyrer saman, vert delte over to linjer, kan ein då bruka ein «word joiner» (det svarar vel omtrent til særskrivingsproblematikken på norsk, med «ananas ringar», tippar eg).
«Ordbindar» er jo, som de seier, direkte omsetjing frå engelsk, og skulle såleis høve bra. Førebels(?) har eg planlagt å bruke «ordbindar», men kanskje forslaget «ordbindeteikn» seier litt meir om kva teiknet gjer og bør brukast i staden? Kanskje kan Unicode-koden vere med slik at menyoppføringa blir «Ordbindar (Unicode U+2060)»? Veit ikkje om det blir meir forståeleg for folk flest.
Jeg tror folk flest ikke har noe sterkt forhold til Unicode, eller heksadesimalrepresentasjonen av kodepunktene i tegnsettet.
Snakk for deg sjølv! ;)
Kunne noe sånt som orddelingslås/-stopp, delingslås/-stopp, brekkelås/-stopp, eller anti-orddeler vært bedre beskrivelser for hva tegnet gjør?
Det som står i LibreOffice frå før, «Inga breidd, utan linjebryting», synest eg er ganske forståeleg. Så kan me kanskje reservera «ordbindar» til *namnet* på sjølve teiknet (i meir tekniske samanhengar)?