Fellesordlista seier «skjermbildekopi, kopi av skjermbildet». Eg har brukt «skjermbilete» for “screenshot” konsekvent i GNOME, men eg er ikkje framand for å endra det til «skjermbiletekopi» viss det er klarare.
Eg er overraska over at fellesordlista seier «skjermbildekopi». Me har òg brukt berre konsekvent «skjermbilete» i nynorskomsetting av KDE, og eg synest det er betre. Eg likar ikkje «skjermdump» like godt.
Eg kan alltids argumentera for at «skjermbilete» er mindre presist, men i praksis er det ikkje det.
Det vil ikkje fungera, viss eg forstår Gettext rett. Det fungerer slik at Gettext lagar ein nøkkeltabell over originalstrengar og omsetjingar når programmet vert kompilert, og at programmet slår opp i denne når det køyrer. Så om originalstrengen ikkje er i tabellen, vil programmet visa originalstrengen uomsett.
Når det er sagt: Ei PO-fil skal aldri innehalda to like msgid-ar. Dersom to identiske strengar treng ulike omsetjingar må du be utviklarane om å leggja inn kontekstinformasjon slik at strengane vert ulike sett frå POEdit.
Nettopp. I KDE har me mange slike.