ty. den 24. 07. 2012 klokka 03.16 (+0100) skreiv Johnny Solbu:
Jeg har nå fullført oversettelsen av nyeste minicom (v2.6.1), og lurer på hvordan jeg nå sender inn oversettelser. Så hva gjør jeg nå?
Flott at du vil bidra! For program under Translation Project følgjer du instruksane der:
http://translationproject.org/html/translators.html
For andre program varierer det korleis du gjer det; sjekk heimesida til programmet.
Eit spesialtilfelle er KDE, og alle offisielle KDE-program. Her har me alle omsettingane i eit eige SVN-lager, som me synkroniserer med KDE meir eller mindre regelmessig. Sjå mappa «kde4» på
http://svn.skolelinux.no/websvn/listing.php?repname=skolelinux&path=/tru...
Me har òg ei mappe «other» her, der me har kopiar av omsettingsfilene til ein del andre program. Dette for å kunna bruka desse til automatisk grovomsetting. Ta kontakt med oss på denne lista om du ønskjer å bidra med omsetting av KDE. Statistikk for KDE finn du på
http://l10n.kde.org/stats/gui/stable-kde4/team/ (gjeldande utgåve) og http://l10n.kde.org/stats/gui/trunk-kde4/team/ (neste utgåve)
Du kan òg komma til å ramla innom https://translations.launchpad.net/ Dette er ei teneste du bør unngå, med mindre det er eit prosjekt som eksplisitt seier dei brukar Launchpad til omsetting. Grunnen er at andre omsettingar gjort her *berre* vil verta tilgjengelig i Ubuntu, og ikkje i dei hundrevis av andre Linux-distroane.
Me har også utvikla nokre språklige retningslinjer me anbefaler at du følgjer
http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html
(merk at denne finst som ein eigen PDF-versjon for utskrift), samt ei «fellesordliste» med standardiserte omsettingar:
http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html
Spørsmål om praktiske ting og omsettingsspørsmål kan du senda til denne e-postlista. Generelle omsettingsspørsmål sender du til i18n-no (for eksempel terminologispørsmål), mens spørsmål som berre gjeld bokmål kan du ta på i18n-nn-lista.
Velkommen om bord! :-)