Kjetil Torgrim Homme kjetilho@ifi.uio.no wrote in news:1091284829.14516.48.camel@chico.njus.no:
Etymologien er ikkje av interesse. Dei fleste (?) norske orda kjem opphavlig frå andre språk.
det var du som tok opp etymologi, eg poenget mitt var nettopp det: svært mange av orda som vi oppfattar som rotnorske og naturlege ord kjem utanfrå.
Nettopp. Men me treng ikkje ta inn nye ord ukritisk når me kan bruka dei gamle (i noko utvida tyding). (Jf. «mus», «adressebok», «å lagra» og «oppsett» for å ta nokre eksempel frå dataspråket.)
Eg meiner «reklame» er dekkande. Eg synest det er unødvendig å komma med eit heilt nytt ord berre fordi reklamen kjem i e- postkassane og ikkje dei fysiske postkassane våre. Det er snakk om heile same fenomen!
slett ikkje. det er ikkje utan grunn til at ein skil mellom addressert og uaddressert reklame i papirpostkassa. eg vil ikkje ha noko reklamefilter på mi e-postkasse, eg ønskjer å få reklamen frå Rockefeller, BLÅ, CDON, play.com osv. derimot vil eg svært gjerne verte kvitt spammeldingar.
Det er ingenting med reklamefilteret i KMail eller andre program som krev at du berre sorterer vekk reklame som er komersiell og som du ikkje har bedt om. Det fungerer like godt på anna reklame. Dermed kan ein kanskje seia at det norske ordet dekkar funskjonen betre enn det engelske «spam».