Det meste av brukar-grensesnittet for LibreOffice er nå omsett for versjonane 4.2 og 4.3. (Per i dag: Nynorsk: 100 % omsett for begge, bokmål: 99 % for v. 4.2 og 97 % for v. 4.3).
Sjølvsagt er det feil i omsetjingane. Mellom anna er det ofte vanskeleg under omsetjinga å vite kva samanheng orda blir brukte i. (Kva betyr "select" i denne setninga?). Eit anna problem er fagterminologien. Ikkje alle er fagfolk på alle område. Arbeidet er utført av fleire ulike personar, difor finn du også inkonsekvent språkbruk i begge omsetjingane. Og sjølvsagt skrivefeil. Difor ville det vere fint om du melde frå om feil når du finn dei. Det er råd å bruke feilmeldigsprosedyren i LibreOffice, men det enklaste og raskaste er å bruke denne lista. (For nynorsk kan du også sende direkte til meg).
Håper du på denne måten vil hjelpa til med å gjera LibreOffice enda noen hakk betre.
Rettingane blir ikkje synlege før ved neste versjon.
Arbeidet med å omsetje Hjelp for LibreOffice 4.3 er også i gang. 93 % er omsett til nynorsk, 73 % til bokmål. Gled deg for kvar oppdatering. For versjon 4.2 er 89 % omsett til nynorsk, 74 % til bokmål. Håper på tid til å omsetje meir når omsetjinga for 4.3 er ferdig. I dag blir det stort sett bare gjort rettingar i eksisterande omsetjing for denne versjonen. Sjølvsagt er vi glade for tilbakemeldingar om feil også i «Hjelp for LibreOffice». Helsing Kolbjørn Stuestøl