Kva blir dette på norsk? (nb/nn)
All Unix systems:(Alt Graph) as additional compose key. The (Alt Graph) key can work in LibreOffice like the Compose key, if you set the environment variable SAL_ALTGR_COMPOSE. The (Alt Graph) key must trigger a mode_switch, so, for example, xmodmap -e "keysym Alt_R = Mode_switch" must be set. First press (Alt Graph), then the first modifier, then the second modifier. The characters are combined as described on a Solaris system in the file /usr/openwin/include/X11/Suncompose.h
Kva heiter "Alt Graph" på norsk, dersom tasten er omsett. Det same med "compose key"? Kva bør "modifier" setjast om med? Greit med «teikn», eller har det eige namn?
Eksemplet er henta frå Hjelp i LibreOfficeDev. (Er også tilgjengeleg som LibreOffice versjon 4.3.0). Programmet er sett opp slik at kva hjelpetekst som kjem opp blir styrt av kva operativsystem som er i bruk. Sidan eg ikkje køyrer Unix, får eg difor ikkje opp denne teksten. Veit difor ikkje kva samanheng han står i. Reknar med at det har med å setja inn aksent-teikn o.l. frå tastaturet dvs. å laga ö ved å kombinera ¨ og o.
Helsing Kolbjørn Stuestøl
su. den 03. 08. 2014 klokka 14.00 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Kva heiter "Alt Graph" på norsk, dersom tasten er omsett. Det same med "compose key"?
«Alt Gr» og «Compose». Dette står for øvrig nemnt under overskrifta «Tastar» i dei språklege retningslinjene våre: http://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html#destHeader28
Kva bør "modifier" setjast om med? Greit med «teikn», eller har det eige namn?
«Valtast», jf. dei språklege retningslinjene: http://i18n.skolelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html#modifikator_key
Takkar. Bladde nok litt for fort gjennom retningslinjene. Såg ikkje dette. (Eg har alltid retningslinjene oppe under omsetjingsarbeidet, og prøver å følgja dei, men det hender tydelegvis at eg glipp litt av og til). Helsing Kolbjørn
Den 03.08.2014 15:30, skreiv Karl Ove Hufthammer:
su. den 03. 08. 2014 klokka 14.00 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Kva heiter "Alt Graph" på norsk, dersom tasten er omsett. Det same med "compose key"?
«Alt Gr» og «Compose». Dette står for øvrig nemnt under overskrifta «Tastar» i dei språklege retningslinjene våre: http://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html#destHeader28
Kva bør "modifier" setjast om med? Greit med «teikn», eller har det eige namn?
«Valtast», jf. dei språklege retningslinjene: http://i18n.skolelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html#modifikator_key
Det meste av brukar-grensesnittet for LibreOffice er nå omsett for versjonane 4.2 og 4.3. (Per i dag: Nynorsk: 100 % omsett for begge, bokmål: 99 % for v. 4.2 og 97 % for v. 4.3).
Sjølvsagt er det feil i omsetjingane. Mellom anna er det ofte vanskeleg under omsetjinga å vite kva samanheng orda blir brukte i. (Kva betyr "select" i denne setninga?). Eit anna problem er fagterminologien. Ikkje alle er fagfolk på alle område. Arbeidet er utført av fleire ulike personar, difor finn du også inkonsekvent språkbruk i begge omsetjingane. Og sjølvsagt skrivefeil. Difor ville det vere fint om du melde frå om feil når du finn dei. Det er råd å bruke feilmeldigsprosedyren i LibreOffice, men det enklaste og raskaste er å bruke denne lista. (For nynorsk kan du også sende direkte til meg).
Håper du på denne måten vil hjelpa til med å gjera LibreOffice enda noen hakk betre.
Rettingane blir ikkje synlege før ved neste versjon.
Arbeidet med å omsetje Hjelp for LibreOffice 4.3 er også i gang. 93 % er omsett til nynorsk, 73 % til bokmål. Gled deg for kvar oppdatering. For versjon 4.2 er 89 % omsett til nynorsk, 74 % til bokmål. Håper på tid til å omsetje meir når omsetjinga for 4.3 er ferdig. I dag blir det stort sett bare gjort rettingar i eksisterande omsetjing for denne versjonen. Sjølvsagt er vi glade for tilbakemeldingar om feil også i «Hjelp for LibreOffice». Helsing Kolbjørn Stuestøl
Jeg har Kolbjørn, men det er plass til mange flere. Dette er kanskje et litt kjedelig prosjekt, men det er fortsatt slik at dette arbeidet er nødvendig for å ha et alternativ til blant annet Apache OpenOffice og Microsoft Office i Norge. Grunnet personlige årsaker er mitt engasjement noe redusert, så det er ytterst viktig at flere trår til her. Jeg er for øvrig tilgjengelig døgnet rundt.
Den 11.08.2014 21:54, skreiv Olav Dahlum:
Jeg har Kolbjørn, men det er plass til mange flere. Dette er kanskje et litt kjedelig prosjekt, men det er fortsatt slik at dette arbeidet er nødvendig for å ha et alternativ til blant annet Apache OpenOffice og Microsoft Office i Norge. Grunnet personlige årsaker er mitt engasjement noe redusert, så det er ytterst viktig at flere trår til her. Jeg er for øvrig tilgjengelig døgnet rundt.
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
Prosenttala eg skreiv for kor mykje som er omsett, ser ikkje så avskrekkande ut. Men t.d. for Hjelp v. 4.3 for nn betyr 94 % at det er 27 513 ord som ikkje er omsette. Deler av omsetjingsarbeidet er nok plankekøyring, men andre deler gjer at eg må setje meg inn i programmet, og det kan vera lærerikt. Eg har funne mange gode tips og løysingar som eg truleg ikkje ville ha oppdaga elles. Har også hatt mykje god hjelp av ulike fora, mellom anna også dette. Så velkomen i arbeidet. Ein biverknad: Eg har kutta ut andre kontorprogram og bruker nå bare LibreOffice 4.3.0 (og av og til prøveversjonen av 4.3.1).
(Eg er diverre ikkje tilgjengeleg heile døgnet, men opnar e-posten min minst ein gong til dagen). Kolbjørn