Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com writes:
Eg held på omsetja det kjekke programmet 'sitecopy' til nynorsk, og kom over uttrykket 'catch up'. Forklaringa gitt er:
Catchup Mode - makes sitecopy think the local site is exactly the same as the remote copy.Ein tilsvarande funksjon finst i fleire njuslesarar, med forklaringa:
Traditionally, "catchup" in newsreaders means to update the read count to the last article seen.Det er altså snakk om noko av det same. Nokon som har forslag til omsetjing?
Direkte omsett vert det "ta igjen (det tapte, forspranget)", men eg trur noko slikt som "merke alt som lest" er meir intuitivt utan å vere så mykje tyngre språk. Dette alternativet passar sannsynlegvis berre for njuslesarar, eg må innrømme at eg ikkje heilt forstod kva "catch up mode" i sitecopy gjorde for noko.
Kjetil T.