* Sjur Nørstebø Moshagen (03. juni 2008 14:17):
I tilfellet "Blåtann/Bluetooth" er det vel eintydig - det er eit privat namn, og det er altså opp til organisasjonen bak å opna for namn på andre språk. Men det er sjølvsagt mogleg at Stortinget vedtek ei lov (t.d. for å styrkja det norske språket mot det engelske) som seier at visse typar (produkt)namn skal ha ein norsk versjon. I så fall blir svaret på sp.m. eit anna. Eller ein kan be organisasjonen bak Bluetooth om å definera namnet på andre språk enn engelsk, ev. at dei lét nasjonale språkorgan ta seg av det.
Kva med å definere blåtann som ein implementasjon som er kompatibel med Bluetooth-protokollen? Kanskje litt slik som tabasko er er kompatibel med Tabasco-sausen? Ein kan ikkje late som om tabasko og blåtann ikkje eksisterer i det norske språket. Ein kan sjølvsagt ikkje _omsetje_ Bluetooth direkte med blåtann, slik ein heller ikkje kan omsetje Tabasco med tabasko, men ein kan vel bruke blåtann eller tabasko i staden i dei fleste tilfella, sidan skiljet ikkje har praktiske konsekvensar. Til dei som ikkje har fått det med seg: tabasko er oppført i ordboka trass i protestar frå produsenten av Tabasco.
Erik