Hei. I samband med ei omsetjing lurer eg på om det er nokon som veit om ein eigentleg kan nytte «blåtann» for «bluetooth» på norsk. Eg fann nett ut at «Bluetooth» visst er eit varemerke, og det er grunnen til at eg spør.
Mvh, Eirik U. Birkeland
Eirik B. wrote:
Hei. I samband med ei omsetjing lurer eg på om det er nokon som veit om ein eigentleg kan nytte «blåtann» for «bluetooth» på norsk. Eg fann nett ut at «Bluetooth» visst er eit varemerke, og det er grunnen til at eg spør.
Vi har hatt dette temaet på lista tidligere, mener jeg, og da var det flere som mente nettopp at det ikke skal oversettes. Dog er dette litt spesielt underlig da Bluetooth henviser til Kong Harald Blåtann! Altså vandrer navnet fra Skandinavisk til engelsk og tilbake i fremmedgjort form, og denne fremmedgjorte formen er en nytt egennavn igjen.
Jeg sier ofte Blåtann, men det er nok ikke korrekt :-P (Skjønt jeg nok personlig foretrekker det ... at navn endres over landegrensene er jo dette nettopp et eksempel på, så hvorfor ikke ta navnet tilbake ved omvendt import :-)
http://no.wikipedia.org/wiki/Bl%C3%A5tann http://en.wikipedia.org/wiki/Bluetooth
Hilsen Axel
Axel Bojer:
Vi har hatt dette temaet på lista tidligere, mener jeg, og da var det flere som mente nettopp at det ikke skal oversettes. Dog er dette litt spesielt underlig da Bluetooth henviser til Kong Harald Blåtann! Altså vandrer navnet fra Skandinavisk til engelsk og tilbake i fremmedgjort form, og denne fremmedgjorte formen er en nytt egennavn igjen.
Det er ikkje so rart. Me omset for eksempel heller ikkje Microsoft Windows til «Veslemjuk Vindauge», sjølv om «windows» kjem frå norrønt «vindauga» («vindr» + «auga»).
Dette *sjølv om* Microsoft faktisk av og til blir kalla Veslemjuk på folkemunne (jf. eit enkelt Google-søk). Tilsvarande omset me ikkje Bluetooth, *sjølv om* det av òg til vert kalla Blåtånn på folkemunne.
On Mon, 2008-06-02 at 23:23 +0200, Axel Bojer wrote:
Jeg sier ofte Blåtann, men det er nok ikke korrekt :-P (Skjønt jeg nok personlig foretrekker det ... at navn endres over landegrensene er jo dette nettopp et eksempel på, så hvorfor ikke ta navnet tilbake ved omvendt import :-)
eg seier "brannledning" fordi eg synest det er eit artig ord, men det er nok ikkje ei spesielt god omsetjing av Firewire likevel :-)
Eirik B.:
Hei. I samband med ei omsetjing lurer eg på om det er nokon som veit om ein eigentleg kan nytte «blåtann» for «bluetooth» på norsk. Eg fann nett ut at «Bluetooth» visst er eit varemerke, og det er grunnen til at eg spør.
Bluetooth er både eit varemerke og eit særnamn, og skal derfor aldri «omsettast» til Blåtann/blåtann i omsettingane våre.
Den 3. jun. 2008 kl. 12.02 skrev Karl Ove Hufthammer:
Eirik B.:
Hei. I samband med ei omsetjing lurer eg på om det er nokon som veit om ein eigentleg kan nytte «blåtann» for «bluetooth» på norsk. Eg fann nett ut at «Bluetooth» visst er eit varemerke, og det er grunnen til at eg spør.
Bluetooth er både eit varemerke og eit særnamn, og skal derfor aldri «omsettast» til Blåtann/blåtann i omsettingane våre.
Det er ikkje riktig så enkelt. Det stemmer at det du seier er det vanlege synet, men det er meir eit uttrykk for den dominerande einspråklege kulturen i Noreg (og i den engelskspråklege verda). Eit namn (varemerke eller ikkje, privat eller offentleg) kan vera fleirspråkleg i den meining at det kan ha ulike former på ulike språk. Rettare: referansen/tingen/objektet kan ha namn på fleire språk. For private namn (dvs namn med private eigarar) er det i prinsipp opp til eigaren sjølv å avgjera om det skal finnast ulike namn på ulike språk, for offentlege namn er det opp til kvart enkelt språksamfunn (med ein viss variasjon for kva som er politisk korrekt til ei kvar tid).
Nokre døme:
Private namn: MacOS X kjem med fleire program. Nokre av dei har eigne namn på visse språk, men ikkje på andre, medan andre program har same namn på alle språk. T.d. heiter programmet som på engelsk heiter TextEdit Teksturi på finsk, medan det på norsk (dvs bokmål) heiter TextEdit (som på engelsk). Om nokon skulle laga ei nynorsk omsetjing av programmet - kven er det då som bestemmer kva det skal heita på norsk (dvs nynorsk denne gongen), og kva er rett?
Offentlege namn: Hovudstaden i Finland har (minst) tre namn, to av dei er "offisielle" på det viset at det finst reglar for bruken av dei: Helsinki (det finske namnet) skal brukast på finsk og engelsk, Helsingfors (det svenske namnet) skal brukast på svensk og alle andre nord-germanske språk (Finland bestemmer sjølvsagt berre over bruken på svensk i Finland, men i tillegg finst det eit vedtak frå Nordisk språkråd på 90-talet som omfattar dei andre "nordiske" språka, dvs dei nordgermanske). I tillegg har hovudstaden eit nordsamisk namn, Helsset, som sjølvsagt blir brukt på nordsamisk. I prinsipp er det altså opp til det norske språksamfunnet å bestemma kva offentlege objekt har for namn på norsk.
I tilfellet "Blåtann/Bluetooth" er det vel eintydig - det er eit privat namn, og det er altså opp til organisasjonen bak å opna for namn på andre språk. Men det er sjølvsagt mogleg at Stortinget vedtek ei lov (t.d. for å styrkja det norske språket mot det engelske) som seier at visse typar (produkt)namn skal ha ein norsk versjon. I så fall blir svaret på sp.m. eit anna. Eller ein kan be organisasjonen bak Bluetooth om å definera namnet på andre språk enn engelsk, ev. at dei lét nasjonale språkorgan ta seg av det.
Poenget mitt er at det ikkje alltid er eintydig kva som er rett, og at det i botna eigentleg handlar mykje om språkpolitikk - som vi ikkje diskuterer på denne lista, men som lista jo er eit uttrykk for: det at vi vil ha programvare på norsk er sjølvsagt eit språkpolitisk standpunkt.
Det andre poenget mitt er at tanken at noko kan ha (ulike) namn på ulike språk ofte er fråverande hjå mange personar/organisasjonar/ institusjonar med rot i eit majoritetsspråk, om det no er norsk, engelsk eller fransk, til og med så mykje at mange ikkje forstår *kvifor* dette er eit poeng om nokon spør om det. Men i ei fleirspråkleg verd er det *naturleg* at ein og same ting har ulike namn på ulike språk, og at det er eit mål at det skal vera slik, særleg for teknologi og ovringar som er (meint å vera) verdsomspennande eller for (meir eller mindre) alle - på alle språk.
Eg hadde gjerne sett at Bluetooth kunne heita Blåtann på norsk, men inntil vidare så gjer det ikkje det. (retorisk sp.m.: kor mange språk i verda har ein ustemt dental frikativ (th-lyden i Bluetooth) i utlydsposisjon? Dvs på kor mange språk kan ein uttala 'Bluetooth' "rett", og la det gli lett inn i eksisterande bøyingsverk og lydverk?)
Sjur
Sjur Nørstebø Moshagen:
Private namn: MacOS X kjem med fleire program. Nokre av dei har eigne namn på visse språk, men ikkje på andre, medan andre program har same namn på alle språk. T.d. heiter programmet som på engelsk heiter TextEdit Teksturi på finsk, medan det på norsk (dvs bokmål) heiter TextEdit (som på engelsk).
Der har du eit poeng. I KDE har me òg vald å omsetta namna på nokre program, som Potetfyren (Potato Guy) og Kabal (KPatience). Dette er hovudsaklig aktuelt for *mindre* program, og berre program som har beskrivande namn.
(På Windows har Microsoft òg vald å omsetta namna på nokre mindre program/verktøy, som Notepad/Notisblokk og Minesweeper/Minesveiper, men ikkje større program som Word og Excel.)
* Sjur Nørstebø Moshagen (03. juni 2008 14:17):
I tilfellet "Blåtann/Bluetooth" er det vel eintydig - det er eit privat namn, og det er altså opp til organisasjonen bak å opna for namn på andre språk. Men det er sjølvsagt mogleg at Stortinget vedtek ei lov (t.d. for å styrkja det norske språket mot det engelske) som seier at visse typar (produkt)namn skal ha ein norsk versjon. I så fall blir svaret på sp.m. eit anna. Eller ein kan be organisasjonen bak Bluetooth om å definera namnet på andre språk enn engelsk, ev. at dei lét nasjonale språkorgan ta seg av det.
Kva med å definere blåtann som ein implementasjon som er kompatibel med Bluetooth-protokollen? Kanskje litt slik som tabasko er er kompatibel med Tabasco-sausen? Ein kan ikkje late som om tabasko og blåtann ikkje eksisterer i det norske språket. Ein kan sjølvsagt ikkje _omsetje_ Bluetooth direkte med blåtann, slik ein heller ikkje kan omsetje Tabasco med tabasko, men ein kan vel bruke blåtann eller tabasko i staden i dei fleste tilfella, sidan skiljet ikkje har praktiske konsekvensar. Til dei som ikkje har fått det med seg: tabasko er oppført i ordboka trass i protestar frå produsenten av Tabasco.
Erik