Kolbjørn Stuestøl skreiv 23. mai 2017 15:47:
Black point compensation → kompensering for svartpunkt (fellesordlista) / svartpunktkompensering
«Svartpunktskompensering» (med fuge-s) er kanskje meir naturleg?
Etter å ha tenkt meg om er eg samd.
Fint. :)
Eg har no oppdatert fellesordlista med dette (og med «kompensering for svartpunkt» som alternativ). Har òg endra «fargeområde» til «fargerom» og lagt til nokre av dei andre fargetermane («colour depth» og «colour profile»).
16-bit integer →16-bit heiltal (8-, 16-, 32- og 64-bit 16-bit floating point → 16-bit desimaltal
«16-bits heiltal» og «16-bits flyttal» (merk «bits», ikkje «bit»).
I fellesordlista står det at "bit(s)" skal omsetjast til «bit (flertall: bit)». Difor.
Men genitiv «bits»? Som i «ein fire-siders A4-brosjyre»
Sjølvsagt. Så langt tenkte eg ikkje. Går vel litt for fort av og til. Takk så mykje. «16-"bitars" heiltal» i staden for «16-"bitar" heiltal» :-)
Nettopp. Merknaden i fellesordlista gjaldt fleirtalsforma for substantiv, der me brukar «bit», ikkje «bits», som mange skriv/seier, eller «bitar»/«biter», som Microsoft (dessverre) konsekvent brukar i sine omsettingar. Det er *lov* å bøya «bit» som anten «bit» eller «bitar» (men ikkje «bits»!) i fleirtal på norsk, men me har valt å standardisera på «bit». (Tilsvarande gjeld «byte», som kan bøyast «byte» eller «bytar» i fleirtal.)