Kolbjørn Stuestøl skreiv 31. mai 2018 23:02:
Kva heiter "reflowable" på norsk? Eit (elektronisk) dokument er "reflowable" når utsjånaden kan variera ut frå media det blir vist på. T.d. er eit HTML-dokument "reflowable" sidan det kan ha ulik form etter kva nettlesar det blir vis i.
Når det gjeld nettsider, vert dette vanlegvis kalla «responsive nettsider». Ein brukar òg ordet dynamisk («dynamisk tilpassing»), men kan jo eigentleg tyda fleire ting.
Problemet er at du treng(?) eit adjektiv, og helst eit generelt eit (som ikkje for eksempel berre gjeld nettsider). Der er eg einig med Petter Reinholdtsen at «ombrekkbar» er ei bra løysing. Du kan òg bruka uttrykk som «automatisk ombrekking» (ev. med «sideombrekking)» der det passar.