Finst det eit norsk ord for det konstruerte engelske ordet "companding"? Frå den engelske utgåva av Wikipedia: "In telecommunication and signal processing *companding* (occasionally called *compansion*) is a method of mitigating the detrimental effects of a channel with limited dynamic range. The name is a combination of the words *com*pressing and ex*panding*."
Ser at på Svensk er det brukt «kompandering» og på tysk Kompandierung». Fann det ikkje på norsk og dansk. Er vel eigentleg ikkje omsetjing men språkleg tilpassing. Brukbart på norsk også? Eg trur ikkje ein tilsvarande framgangsmåte, altså å setje saman for eksempel *kom*presjon og utvid*ing* vil bli brukbart på norsk :-) Google translate omsette "companding curve" til «komparative kurve». Eit forslag eg ikkje finn korrekt.
Kolbjørn