Takker for fyldig svar. Mykje interessant stoff her.
Den 12.02.2014 22:33, skreiv Karl Ove Hufthammer:
la. den 08. 02. 2014 klokka 18.46 (+0100) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Finst det eintydige norske omsetjingar av 1: array 2: subrutine som kan brukast i hjelp for BASIC i LibreOffice?
Det skal godt gjerast, då det ikkje finst eintydige definisjonar av kva eit «array» er på *engelsk*! :) Varierer jo litt frå programmeringsspråk til programmeringsspråk, sjølv om grunnkonseptet er nokolunde greitt/likt.
Så vidt eg veit, vert «arrays» gjerne kalla «matriser» på norsk. Meiner òg det har vore brukt i bøker, om for eksempel om Java-programmering. Bør òg vera rimeleg uproblematisk å snakka om n-dimensjonale matriser. Kor mange dimensjonar kan for øvrig desse datastrukturane ha i LibreOffice?
Eg har ikkje brukt BASIC noe særleg, og har aldri brukt LibreOffice Basic. Måtte bare setje meg litt inn i det for å kunna setje om hjelpteksten.
I LO Basic kan "arrays" kan ha så mange dimensjonar datamaskinen har plass til. Det ser også ut til at dei kan innehalde alle datatypane som finst i BASIC, også i blanding.
DIM tabell (2,10) tabell (1,2) = "tekst" tabell (1,1) = 10
går i alle fall fint. Også å skifte mellom ulike varianttypar i eitt og same element. Eg har ikkje funne andre former for arrays i LO Basic.
Når det gjeld god terminologi, er dette veldig kontekstavhengig. I nokre samanhengar kan tabell vera ei OK omsetting for «array», mens i LibreOffice har ein andre ting som vert kalla tabellar, så denne omsettinga er automatisk diskvalifisert. Løvdal nemnte R. Her har me endå fleire nærliggande omgrep og datastrukturar, og ein skil mellom matrix, array, vector og table (og fleire andre tabell-liknande strukturar me ikkje treng gå inn på her). Her er «matrise» diskvalifisert som omsetting for «array» – men bra for «matrix». Og «vector» vert sjølvsagt «vektor». Som ein kuriositet kan eg nemna at i R er ei matrise eit spesialtilfelle av ein vektor, mens i matematikken er det jo som kjent omvendt! Eg har for øvrig omsett R til nynorsk, og då endte eg opp med matrise, array, vektor og tabell. Her var det rett og slett ikkje noko brukbart norsk ord for «array». Men så lenge det ikkje finst noko som heiter «matrise» i LibreOffice Basic, synest eg «matrise» er ei god omsetting av «array» der.
Den einaste staden eg finn ordet «matrix» i LibreOffice er i ein hjelptekst til LO Calc: «…like this for a 5 x 2 matrix array: ={1;2;3;4;5|6;7;8;9;10} [… changing the seperators …] ={1,2,3,4,5;6,7,8,9,10}».
I LibreOffice er både "table" og "array" brukt, men eg har førebels ikkje funne ut om det er noen skilnad på dei. Kan sjå ut som "tables" helst er brukt om tabellar som kan setjast inn i skrivne dokument, altså ein- eller todimensjonale tabellar eller lister. I LO Basic fann eg "table" bare i "Table of Contents".
Dersom ei matrise alltid er todimensjonal, meiner eg "array" i LO Basic bør omsetjast med "tabell" sidan "arrays" kan innehalde svært mange dimensjonar. I praksis er det her eigentleg snakk om éin type tabellar, ikkje tabellar i mange variantar. Elles har eg i grunnen ikkje noe bastant meining her.
«Subroutine» må nok bli «subrutine». «Delrutine» eller «underrutine» er jo *rett*, og litt «meir norsk», men det er vel svært få som brukar desse orda? Har iallfall inntrykk av at «subrutine» er rimeleg etablert. Og prefikset sub- vert jo også brukt i andre norske ord, utan at orda vert oppfatta som fremmandsord for det (eksempelvis snakkar me jo om subarktiske strøk).
Einig. Noe for Fellesordlista? Helsing Kolbjørn Stuestøl