Kjetil Torgrim Homme skreiv:
On Thu, 2009-01-15 at 23:57 +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Torsdag 15. januar 2009 skreiv Grepstad Jon:
I svært mange tilfelle i vanleg språkbruk er «tutorial» brukt også på norsk (t.d. i http://www.gimp.no/ . Finst det noe dekkande ord her?
Spontant ville eg seie at "innføring" er det beste ordet. "Opplæring" er også OK. "Tutorial" kan ikkje brukast på norsk.
100 % einig med Grepstad her.
I nynorskomsetjinga mi av Inkscape¹ har eg brukt «Innføringar» for menyvalet «Tutorials», som ein finn på «Hjelp»-menyen.
når eg såg "innføringar", kom eg i hug når eg hadde fleire "innføringar" av reknestykkje eller norskstil i heimelekse... :-) litt merkeleg kanskje, men den tydinga er meir "bøyeleg" i mitt hovud. om ordet var skrive i eintal ville den tiltenkte meininga hoppe fram fyrst. så eg lurer på: kunne ein skrive "Innføring" sjølv om der er fleire opplæringsmodular tilgjengeleg?
Det kan sjå ut til at det er semje om å bruke «innføring». Særleg sidan dette er brukt i andre omsetjingar. «Innføringane» kjenner eg også frå skoletida i tydinga å levere inn sirleg oppførte reknestykke i innføringsboka. Til vanleg vil vel dei fleste setje ordet i samband med «opplæring» eller liknande. Ei innføring i bruk av kloneverktøyet vil truleg ikkje bli oppfatta som noe anna enn ei opplæring i bruk av dette verktøyet. Dersom det ikkje kjem andre meiningar her i forumet, reknar eg med at «innføring(ar)» blir tatt i bruk i denne samanhengen. Språk er vane. Blir vi vane med eitt ord, har vi nokså mange argument for at dette er det einaste rette ordet. Difor kan det kanskje bli eit problem at svært mange, etter det eg har forstått, bruker «tutorials» og andre ord avleidd av «tutor», og såleis ha vanskar med å godta andre nemningar. Helsing Kolbjørn Stuestøl