Fredag 23. april 2004 22:21 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Håvard Korsvoll korsvoll@skulelinux.no skreiv i innlegget
news:200404232003.26297.korsvoll@skulelinux.no:
Eg prøver å finne ei norsk omsetjing for «Heard Island and McDonald Islands».
Du kan bruka «Heard- og McDonaldøyane». Språkrådet har ikkje uttalt seg offisielt om dette namnet, men det verkar å vera eit namn som er i bruk.
Takk, det vil eg bruke.
På "http://i18n.skolelinux.no/kodar/land.html" har du ei oversikt over alle landsnamna. Alle namna er offisielle, og sjekka med Språkrådet og Utanriksdepartementet, med unntak av fem, som er merka med *.
Det er desse omsettingane som er meint å brukast i Skulelinux-programvare, og dei er referert til i retningslinjene "http://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html".
Der var det ja, eg hadde gløymt dei :)
No er eg ferdig med alle landa, men det er eit som ikkje er oppført: «United States Minor Outlying Islands» Mitt forslag er: USA, mindre utanforliggjande øyar
Synspunkt?
Håvard