On Tue, 2009-06-30 at 14:35 +0200, Eirik U. Birkeland wrote:
tracker → sporar
kanskje "oversiktstenar" kan duge?
Eller kanskje eit kompromiss; «sporingstenar»? Då vil dei som kjenner den engelske terminologien også skjøne kva det er snakk om. Og det vil kanskje gje mindre referansar til jakt og filuftsliv, for det finst jo trass alt «elektroniske spor» også.
det er ikkje "elektroniske spor" denne tenaren held oversikt over, det er ikkje ein Big Brother som passar på kva som skjer, han veit ikkje meir enn det deltakarane fortel honom. han held berre oversikta over kva deltakarar som tek del i svermen ("swarm" er altså namnet ein brukar for samlinga av deltakarar ("peers")). folk har nok paranoia rundt overvaking i P2P-samanheng som det er.
seeder → delar
her ville eg sagt "kjelde".
Eg vil foretreka «delar». Det passar òg fint med motstykket «nedlastar»
einig i det. (det utelukkar kanskje "del" om "piece"/"chunk"?)
Då kan vi kanskje leggje til «seeder = delar» og «leecher = nedlastar»?
chunk → blokk
Eg ville gått for «blokk».
kva vil du omsetje "block" med då?
Hm. Kva er «block» i denne samanhengen?
det forklarte eg i fyrste innlegget mitt. det er minste overføringseining i Bittorrent-protokollen (med unntak av siste blokka, som kan vere partiell og innehalde eit vilkårleg tal på oktettar mellom 1 og 32767).
Eg har òg tenkt på eit anna ord … Kva med «bolk»?
"bolk" er ikkje så dumt. kanskje litt framandt på bokmål?