Om tabell er diskvalifisert av di det allereie vert nytta i LibreOffice, så er òg matrise det, i LO Math og i formlar i LO Calc.
Men både omgrepa vert vel berre nytta indirekte i LO Basic. Altså berre når ein handsamar objekta i LO. Mvh Thomas Nygreen
2014-02-12 22:33 GMT+01:00 Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org:
la. den 08. 02. 2014 klokka 18.46 (+0100) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Finst det eintydige norske omsetjingar av 1: array 2: subrutine som kan brukast i hjelp for BASIC i LibreOffice?
Det skal godt gjerast, då det ikkje finst eintydige definisjonar av kva eit <<array>> er på *engelsk*! :) Varierer jo litt frå programmeringsspråk til programmeringsspråk, sjølv om grunnkonseptet er nokolunde greitt/likt.
Så vidt eg veit, vert <<arrays>> gjerne kalla <<matriser>> på norsk. Meiner òg det har vore brukt i bøker, om for eksempel om Java-programmering. Bør òg vera rimeleg uproblematisk å snakka om n-dimensjonale matriser. Kor mange dimensjonar kan for øvrig desse datastrukturane ha i LibreOffice?
Når det gjeld god terminologi, er dette veldig kontekstavhengig. I nokre samanhengar kan tabell vera ei OK omsetting for <<array>>, mens i LibreOffice har ein andre ting som vert kalla tabellar, så denne omsettinga er automatisk diskvalifisert. Løvdal nemnte R. Her har me endå fleire nærliggande omgrep og datastrukturar, og ein skil mellom matrix, array, vector og table (og fleire andre tabell-liknande strukturar me ikkje treng gå inn på her). Her er <<matrise>> diskvalifisert som omsetting for <<array>> - men bra for <<matrix>>. Og <<vector>> vert sjølvsagt <<vektor>>. Som ein kuriositet kan eg nemna at i R er ei matrise eit spesialtilfelle av ein vektor, mens i matematikken er det jo som kjent omvendt! Eg har for øvrig omsett R til nynorsk, og då endte eg opp med matrise, array, vektor og tabell. Her var det rett og slett ikkje noko brukbart norsk ord for <<array>>. Men så lenge det ikkje finst noko som heiter <<matrise>> i LibreOffice Basic, synest eg <<matrise>> er ei god omsetting av <<array>> der.
<<Subroutine>> må nok bli <<subrutine>>. <<Delrutine>> eller <<underrutine>> er jo *rett*, og litt <<meir norsk>>, men det er vel svært få som brukar desse orda? Har iallfall inntrykk av at <<subrutine>> er rimeleg etablert. Og prefikset sub- vert jo også brukt i andre norske ord, utan at orda vert oppfatta som fremmandsord for det (eksempelvis snakkar me jo om subarktiske strøk).
-- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: karl@huftis.org
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no