Hei.
Eg fann dette i ein tilfeldig blogg eg ramla innom:
Skolelinux mangler oversettelse av ordene blog (!), anchor, trackback, slug, sidebar, post, publish, review og required.
Det er vel å rekne som ei oppfordring til å gjere noko med det?
Her er iallfall dei eg har framlegg til: blog → blogg (denne er vel rimeleg innarbeidd?) sidebar → sidestolpe (denne kan eg òg hugse å ha brukt fleire gonger) post (s) → innlegg (i bloggsamanheng) publish → send, publiser? review (s) → gjennomgang/gjennomsyn? review (v) → gå gjennom/se gjennom? required → nødvendige, krevde
– Eirik U. Birkeland