Bør/må/skal "Dispatch frameework" omsetjast til norsk og i tilfelle med kva? Eg *kan* nok oppfatta "dispatch network" som eit styringssystem/-program, men er usikker på om denne omsetjinga er meir villeiande enn opplysande.
Grunnen til spørsmålet er at eg set om ei kort innføring i å lage og bruke makroar i LibreOffice. Makroane blir skrive i ei form for BASIC. Som i andre programmeringsspråk, bruker også denne BASIC-varianten kommandonamn som har utgangspunktet i engelsk. Dei fleste som kan ha bruk for denne innføringa vil difor vere vane med engelske eller engelskliknande uttrykk. (Det er råd å lage makroar ved å gjere opptak av tastetrykka, altså utan å programmere på vanleg måte. Er nok dette som blir brukt av folk flest).
I handboka er "dispatch network" (i kortversjonen) definert som "The purpose of the dispatch framework is to provide uniform access to components (documents) for commands that usually correspond to menu items".
Eg har ikkje funne dette diskutert, men har kanskje leita i feil fora?
Kolbjørn Stuestøl