On ty , 2001-11-06 at 18:41, Herman Ranes wrote:
Jamfør http://developer.gnome.org/projects/gtp/status/stable/po/galeon-nn.po
Eg spanderte eitt kvarter på å harelabbe gjennom denne omsetjinga, fordi eg såg så mange språkfeil der ;-)
Gjennomgangen min er mao. på ingen måte fullstendig.
Helsing Herman Ranes
Her er noko av det eg fann:
koda -> koden
ok
vindauger -> vindauge +
ok
verktylinje (dette er vel knot?) -> verktyline (betre enn verktøylinje)
Eg brukar i såfall den forma, og den er lovleg. Eg ser ikkje det heilt store problemet med å bruke den.
lenke -> (td.) lenkje
lenke er også lovleg, men det er vel mogleg at lenkje er betre, eg skiftar :)
Vis/gøym smartbokmerke komboboksa
??
rame -> ramme [råme]
ok
bileter -> bilete +
ok
veljer -> vel
ok
forsetje -> fortsetje (betre: halde fram)
god ide
innstallert -> installert
ok
Last den -> Last han/honom el. Last ho/henne
skreiv den om til berre 'last ned'
noke -> noko
ok
eksisterar -> eksisterer
ok
og tenar-modus -> òg
ok
stemmer ikkje overeins -> samsvarar
ok
rapporterar -> rapporterer
ok
Aldri bruk -> Bruk aldri
ok
Kontrollerar -> Kontrollerer
ok
istaden for -> i staden for
ok
Tillat JavaScript-kode å bli køyrt -> køyrd
ok
opprete -> opprette
ok
Gå opp ein nivå -> eitt nivå
ok
Administrasjon a bileteblokkering -> av biletblokkering (to feil) * *
ok
førstegangs druiden -> førstegongs-druiden el. fyrste-
ok
tilleggsmodular -> programtillegg
ok
Yanko Kaneti -> Янко Канети (sannsynlegvis)
har ikkje unicode i teiknsettet
frå her -> her(i)frå
ok
i frå -> ifrå
ok
Breidde -> Breidd
ok
stå time -> stå tomme
ok
Internet-tilknytning -> Internett-tilknyting
Internet er eit særnamn, stor I og ein t. Eit internet er noke anna, Internet er eit internet.
Opsett -> Oppsett
ok
ramer -> rammer
ok
- ikkje gjer det som er lett til noko som er vanskeleg.
Fleirtalsbøyninga i nynorsk er heilt regelrett! :-)