Kva skal med omsetja 'tab' til? Det er ikkje snakk om tabulatorar, men heller desse flikane som deler ein dialogboks (eller eit program med MDI-grensensnitt) inn i fleire «sider». Desse finst og ikkje-elektronisk format, på skiljeark i permar og arkivskap.
Eg trur danskane snakkar om 'faneblade', og eg har sett 'arkfane' på norsk. Microsoft brukar 'kategori', men dette passar ikkje alle plassar. Førebels har eg brukt 'arkfane'.
Tysdag 6. november 2001 15:21 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg trur danskane snakkar om 'faneblade', og eg har sett 'arkfane' på norsk. Microsoft brukar 'kategori', men dette passar ikkje alle plassar. Førebels har eg brukt 'arkfane'.
Eg har brukt 'side'. (Det er vel sjeldan snakk om den fysiske 'fliken', men heller sjølve sida med innhald.)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
2001-11-06 15:33:25, Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com:
Eg har brukt 'side'.
Det fungerer ikkje der eg treng omsetjinga -- nemlig i ein nettlesar. Der er ei 'side' ei nettside, og menyvalet 'Opn side i ny side' høyrest ikkje heilt bra ut ...
Her <URL: http://home.no.net/huftis/kritikk/mozilla-tabs.png > er forresten eit bilde over korleis desse 'tab'-ane ser ut.
* Karl Ove Hufthammer (huftis@bigfoot.com) [011106 15:27]:
Kva skal med omsetja 'tab' til? Det er ikkje snakk om tabulatorar, men heller desse flikane som deler ein dialogboks (eller eit program med MDI-grensensnitt) inn i fleire «sider». Desse finst og ikkje-elektronisk format, på skiljeark i permar og arkivskap.
Eg trur danskane snakkar om 'faneblade', og eg har sett 'arkfane' på norsk. Microsoft brukar 'kategori', men dette passar ikkje alle plassar. Førebels har eg brukt 'arkfane'.
Ser Galeon og endel andre programmer enkelt og greit bruker "fane", og det synes jeg fungerer greit. Jeg har ikke ark på skjermen min... Har også hørt dette uttrykket bli brukt muntlig.j
Eivind
2001-11-06 15:44:12, Eivind Tagseth eivindt@multinet.no:
Ser Galeon og endel andre programmer enkelt og greit bruker "fane", og det synes jeg fungerer greit.
Ja, det var eigentlig eit veldig greitt og kort ord. Eg vil bruka det i nye omsetjingar av Mozilla.
On Tue, Nov 06, 2001 at 03:21:33PM +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Kva skal med omsetja 'tab' til? Det er ikkje snakk om tabulatorar, men heller desse flikane som deler ein dialogboks (eller eit program med MDI-grensensnitt) inn i fleire «sider». Desse finst og ikkje-elektronisk format, på skiljeark i permar og arkivskap.
Eg trur danskane snakkar om 'faneblade', og eg har sett 'arkfane' på norsk. Microsoft brukar 'kategori', men dette passar ikkje alle plassar. Førebels har eg brukt 'arkfane'.
Eg har brukt fane i galeon, og synest det fungerar veldig bra.
Du finn omsetjinga på <URL: http://developer.gnome.org/projects/gtp/status/stable/po/galeon-nn.po >
Du finn sikkert mange like strengar her, om du skal bruke dei i mozilla.
Prøv den gjerne og kom med tilbakemeldingar.
Jamfør http://developer.gnome.org/projects/gtp/status/stable/po/galeon-nn.po
Eg spanderte eitt kvarter på å harelabbe gjennom denne omsetjinga, fordi eg såg så mange språkfeil der ;-)
Gjennomgangen min er mao. på ingen måte fullstendig.
Helsing Herman Ranes
Her er noko av det eg fann:
koda -> koden vindauger -> vindauge + verktylinje (dette er vel knot?) -> verktyline (betre enn verktøylinje) lenke -> (td.) lenkje Vis/gøym smartbokmerke komboboksa rame -> ramme [råme] bileter -> bilete + veljer -> vel forsetje -> fortsetje (betre: halde fram) innstallert -> installert Last den -> Last han/honom el. Last ho/henne noke -> noko eksisterar -> eksisterer og tenar-modus -> òg stemmer ikkje overeins -> samsvarar rapporterar -> rapporterer Aldri bruk -> Bruk aldri Kontrollerar -> Kontrollerer istaden for -> i staden for Tillat JavaScript-kode å bli køyrt -> køyrd opprete -> opprette Gå opp ein nivå -> eitt nivå Administrasjon a bileteblokkering -> av biletblokkering (to feil) * * førstegangs druiden -> førstegongs-druiden el. fyrste- tilleggsmodular -> programtillegg Yanko Kaneti -> Янко Канети (sannsynlegvis) frå her -> her(i)frå i frå -> ifrå Breidde -> Breidd stå time -> stå tomme Internet-tilknytning -> Internett-tilknyting Opsett -> Oppsett ramer -> rammer
+ ikkje gjer det som er lett til noko som er vanskeleg. Fleirtalsbøyninga i nynorsk er heilt regelrett! :-)
Roy-Magne Mo wrote:
On Tue, Nov 06, 2001 at 03:21:33PM +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Kva skal med omsetja 'tab' til? Det er ikkje snakk om tabulatorar, men heller desse flikane som deler ein dialogboks (eller eit program med MDI-grensensnitt) inn i fleire «sider». Desse finst og ikkje-elektronisk format, på skiljeark i permar og arkivskap.
Eg trur danskane snakkar om 'faneblade', og eg har sett 'arkfane' på norsk. Microsoft brukar 'kategori', men dette passar ikkje alle plassar. Førebels har eg brukt 'arkfane'.
Eg har brukt fane i galeon, og synest det fungerar veldig bra.
Du finn omsetjinga på <URL: http://developer.gnome.org/projects/gtp/status/stable/po/galeon-nn.po >
Du finn sikkert mange like strengar her, om du skal bruke dei i mozilla.
Prøv den gjerne og kom med tilbakemeldingar.
On ty , 2001-11-06 at 18:41, Herman Ranes wrote:
Jamfør http://developer.gnome.org/projects/gtp/status/stable/po/galeon-nn.po
Eg spanderte eitt kvarter på å harelabbe gjennom denne omsetjinga, fordi eg såg så mange språkfeil der ;-)
Gjennomgangen min er mao. på ingen måte fullstendig.
Helsing Herman Ranes
Her er noko av det eg fann:
koda -> koden
ok
vindauger -> vindauge +
ok
verktylinje (dette er vel knot?) -> verktyline (betre enn verktøylinje)
Eg brukar i såfall den forma, og den er lovleg. Eg ser ikkje det heilt store problemet med å bruke den.
lenke -> (td.) lenkje
lenke er også lovleg, men det er vel mogleg at lenkje er betre, eg skiftar :)
Vis/gøym smartbokmerke komboboksa
??
rame -> ramme [råme]
ok
bileter -> bilete +
ok
veljer -> vel
ok
forsetje -> fortsetje (betre: halde fram)
god ide
innstallert -> installert
ok
Last den -> Last han/honom el. Last ho/henne
skreiv den om til berre 'last ned'
noke -> noko
ok
eksisterar -> eksisterer
ok
og tenar-modus -> òg
ok
stemmer ikkje overeins -> samsvarar
ok
rapporterar -> rapporterer
ok
Aldri bruk -> Bruk aldri
ok
Kontrollerar -> Kontrollerer
ok
istaden for -> i staden for
ok
Tillat JavaScript-kode å bli køyrt -> køyrd
ok
opprete -> opprette
ok
Gå opp ein nivå -> eitt nivå
ok
Administrasjon a bileteblokkering -> av biletblokkering (to feil) * *
ok
førstegangs druiden -> førstegongs-druiden el. fyrste-
ok
tilleggsmodular -> programtillegg
ok
Yanko Kaneti -> Янко Канети (sannsynlegvis)
har ikkje unicode i teiknsettet
frå her -> her(i)frå
ok
i frå -> ifrå
ok
Breidde -> Breidd
ok
stå time -> stå tomme
ok
Internet-tilknytning -> Internett-tilknyting
Internet er eit særnamn, stor I og ein t. Eit internet er noke anna, Internet er eit internet.
Opsett -> Oppsett
ok
ramer -> rammer
ok
- ikkje gjer det som er lett til noko som er vanskeleg.
Fleirtalsbøyninga i nynorsk er heilt regelrett! :-)
On 7 Nov 01, at 12:43, Roy-Magne Mo wrote:
On ty , 2001-11-06 at 18:41, Herman Ranes wrote:
[...]
lenke -> (td.) lenkje
lenke er også lovleg, men det er vel mogleg at lenkje er betre, eg
skiftar :)
"Lenke" er sideform, "lenkje" hovudform (læreboknormal). Eg rår til at ein nyttar læreboknormalen.
Jon Grepstad
On Wed, Nov 07, 2001 at 12:56:32PM +0100, Jon Grepstad wrote:
On 7 Nov 01, at 12:43, Roy-Magne Mo wrote:
On ty , 2001-11-06 at 18:41, Herman Ranes wrote:
[...]
lenke -> (td.) lenkje
lenke er også lovleg, men det er vel mogleg at lenkje er betre, eg
skiftar :)
"Lenke" er sideform, "lenkje" hovudform (læreboknormal). Eg rår til at ein nyttar læreboknormalen.
Har endra det i galeon no, det kling betre med lenke også.
Jon Grepstad skreiv:
"Lenke" er sideform, "lenkje" hovudform (læreboknormal). Eg rår til at ein nyttar læreboknormalen.
I så fall bør ein vel òg skriva «nett», som er hovudforma ([net] er sideform).
Minder svaret ditt er meint som eit innlegg i anglifiseringsdebatten ... Etter ein del vakling for ein fire-fem år sidan, er det heldigvis ikkje mange som skriv det ordet på engelsk i dag.
Og «tilknyting» skal skrivast utan «n».
-Herman
Roy-Magne Mo skreiv:
Internet-tilknytning -> Internett-tilknyting
Internet er eit særnamn, stor I og ein t. Eit internet er noke anna, Internet er eit internet.
On 7 Nov 01, at 13:20, Herman Ranes wrote:
Jon Grepstad skreiv:
"Lenke" er sideform, "lenkje" hovudform (læreboknormal). Eg rår til at ein nyttar læreboknormalen.
I så fall bør ein vel òg skriva «nett», som er hovudforma ([net] er sideform).
Minder svaret ditt er meint som eit innlegg i anglifiseringsdebatten ... Etter ein del vakling for ein fire-fem år sidan, er det heldigvis ikkje mange som skriv det ordet på engelsk i dag.
"nett" er hovudform, "net" sideform. Men det heiter berre "Internett" eller "Internettet".
Jon Grepstad
2001-11-07 12:43:52, Roy-Magne Mo rmo@sunnmore.net:
Eg brukar i såfall den forma, og den er lovleg. Eg ser ikkje det heilt store problemet med å bruke den.
lenke -> (td.) lenkje
lenke er også lovleg,
Ikkje i læreboknormalen. (Dette er berre eit problem viss programmet skal med i Skolelinux.)
Yanko Kaneti -> Янко Канети (sannsynlegvis)
har ikkje unicode i teiknsettet
Meldinga vart heller ikkje sendt med informasjon om kva teiknkoding som vart brukt. Du bør sjekka e-postprogrammet ditt, Herman.
Internet-tilknytning -> Internett-tilknyting
Internet er eit særnamn, stor I og ein t.
Nei, berre 'Internett' er lovlig på norsk, jf. <URL: http://www.sprakrad.no/stat972.htm#internett >. (Det er same fenomen som når me seier 'Stillehavet' og 'Tyskland', sjølv om desse særnamn heiter noko anna på originalspråket.)
Squid Translator ------------------- Vidar
On Wed, 7 Nov 2001, Karl Ove Hufthammer wrote:
2001-11-07 12:43:52, Roy-Magne Mo rmo@sunnmore.net:
Eg brukar i sÃÂ¥fall den forma, og den er lovleg. Eg ser ikkje det heilt store problemet med ÃÂ¥ bruke den.
lenke -> (td.) lenkje
lenke er ogsÃÂ¥ lovleg,
Ikkje i læreboknormalen. (Dette er berre eit problem viss programmet skal med i Skolelinux.)
Yanko Kaneti -> ïýúþ ÚðýõÃâø (sannsynlegvis)
har ikkje unicode i teiknsettet
Det er ikkje berre han... Eg har pine med ISO 8859-x teiknsett. Og det ser stygt ut...
Meldinga vart heller ikkje sendt med informasjon om kva teiknkoding som vart brukt. Du bør sjekka e-postprogrammet ditt, Herman.
Internet-tilknytning -> Internett-tilknyting
Internet er eit særnamn, stor I og ein t.
Nei, berre 'Internett' er lovlig på norsk, jf. <URL: http://www.sprakrad.no/stat972.htm#internett >. (Det er same fenomen som når me seier 'Stillehavet' og 'Tyskland', sjølv om desse særnamn heiter noko anna på originalspråket.)
-- Karl Ove Hufthammer
E-postlista i18n-nn i18n-nn@lister.ping.uio.no http://lister.ping.uio.no/ping/mailman/listinfo/i18n-nn
Onsdag 7. november 2001 17:06 skreiv Vidar Løkken:
Yanko Kaneti -> ïýúþ ÚðýõÃâø (sannsynlegvis)
har ikkje unicode i teiknsettet
Det er ikkje berre han... Eg har pine med ISO 8859-x teiknsett. Og det ser stygt ut...
Dei to første (den frå Herman og svaret frå Roy-Magne) vistest fint hos meg (KMail), og hadde følgjande i meldingshovudet: ------- Content-Type: text/plain; charset=UTF-8 ------- Svaret frå Jon Grepstad, og seinare meldingar i tråden hadde derimot 'Charset=ISO-8859-1'.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
On Wed, Nov 07, 2001 at 06:31:18PM +0100, Gaute Hvoslef Kvalnes wrote:
Onsdag 7. november 2001 17:06 skreiv Vidar Løkken:
Yanko Kaneti -> ïýúþ ÚðýõÃâø (sannsynlegvis)
har ikkje unicode i teiknsettet
Det er ikkje berre han... Eg har pine med ISO 8859-x teiknsett. Og det ser stygt ut...
Dei to første (den frå Herman og svaret frå Roy-Magne) vistest fint hos meg (KMail), og hadde følgjande i meldingshovudet:
Content-Type: text/plain; charset=UTF-8
Svaret frå Jon Grepstad, og seinare meldingar i tråden hadde derimot 'Charset=ISO-8859-1'.
Oppdaga at at Evolution praktiserte UTF-8, muligens fordi det var UTF-8 teikn i det opprinnelege meldinga.
Brukar mutt no, men ser ikkje at evolution gjorde noke feil her.
On 6 Nov 01, at 15:21, Karl Ove Hufthammer wrote:
Kva skal med omsetja 'tab' til? Det er ikkje snakk om tabulatorar, men heller desse flikane som deler ein dialogboks (eller eit program med MDI-grensensnitt) inn i fleire «sider». Desse finst og ikkje-elektronisk format, på skiljeark i permar og arkivskap.
Eg trur danskane snakkar om 'faneblade', og eg har sett 'arkfane' på norsk. Microsoft brukar 'kategori', men dette passar ikkje alle plassar. Førebels har eg brukt 'arkfane'.
"Fane" eller "arkfane" reknar eg som det vanlege ordet på norsk. Blir t.d. brukt av Microsoft i Excel.
Jon Grepstad
--- Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com wrote: > Kva skal med omsetja 'tab' til? Det er ikkje snakk
om tabulatorar, men heller desse flikane som deler ein dialogboks (eller eit program med MDI-grensensnitt) inn i fleire «sider». Desse finst og ikkje-elektronisk format, på skiljeark i permar og arkivskap.
Eg trur danskane snakkar om 'faneblade', og eg har sett 'arkfane' på norsk. Microsoft brukar 'kategori', men dette passar ikkje alle plassar. Førebels har eg brukt 'arkfane'.
GBA Enterprise nyttar "fanekort".
______________________________________________________ Do You Yahoo!? Yahoo! Norge - no.yahoo.com