Ola Haugen Havrevoll skreiv 19.10.2022 15:06:
Eg har byrja å hjelpa litt til på nynorsk-omsetjinga av Debian-installer og har kome til "Check the integrity of another installationimage?" På bokmål står det " Vil du teste en annen installasjonsavbildning?" og eg vert usikker på fleire ting:
- Integritet kan vel brukast på norsk?
Ja, det er heilt greitt. Me har for eksempel teksten «Check CD or DVD media integrity» omsett til «Kontroller integriteten til CD/DVD-mediet», ser eg (skulle det forresten vore ein bindestrek etter CD òg her, kanskje?).
Men på norsk prøver me òg å unngå «substantivsjuka», så det er jo mogleg å bruka noko à la «Vil du kontrollera om … er gyldig»? Ikkje gitt at «gyldig» er det beste/rette ordet her, så eksempelet er berre meint som eksempel på setningsstrukturen.
- Kva vert avbildning/image på nynorsk? Bilete? Biletfil?
«Diskbilete» er brukt ein del (i mine omsettingar). Eg synest det er lett å forstå. Om nødvendig kan ta skrivast heilt ut, som «diskbiletfil», mens i andre samanhengar kan det forkortast til berre «biletfil», eller til og med «fil».
- Bør det vera installasjons- eller installerings-? Er det nokon skilnad?
Det er ikkje eit strengt skilje, men på norsk vert -ing gjerne brukt om prosessen, mens -sjon eller -ning vert brukt om resultatet av prosessen (jf. bygging og bygning, informering og informasjon, permutering og permutasjon). Så me vil skriva «installering av program», men «mappa inneheld ein programinstallasjon».
Men her er det snakk om eit samansett ord, og då vert det litt annleis. Det var ein tråd om dette her på lista i 2020 («Navigasjonslinje eller navigeringslinje», http://lister.huftis.org/pipermail/l10n-no-huftis.org/2020-April/000059.html). Der konkluderte eg, etter å ha slått opp i ordboka, at det er -sjon som er det vanlege på norsk i samansette ord. Bør derfor skriva «installasjonsprogrammet», «installasjonsfila» osv., ikkje «installeringsprogrammet» eller «installeringsfila».