Den 11.02.2014 12:30, skreiv Kjetil Torgrim Homme:
On Sat, 2014-02-08 at 18:46 +0100, Kolbjørn Stuestøl wrote:
Finst det eintydige norske omsetjingar av 1: array 2: subrutine som kan brukast i hjelp for BASIC i LibreOffice?
då eg lærte BASIC i 1983, kalla vi arrays for "matriser". veit ikkje om det vil vere meir forståeleg...
Treng ein matematikar eller programmerar til å løyse dette. Er det skilnad på tabell og matrise i BASIC (eller andre programmeringsspråk)?
Dei stadane eg finn "array" omsett til norsk, finn eg både tabell og matrise, men også at ein tabell kan innehalde matriser. I BASIC er det råd å ha tabell i tabell, så det er kanskje det som er meint?
Har i ettertid også funne "delrutine" for "subrutine", men har ikkje endra omsetjinga mi av den grunn. Bruker "subrutine".
Kolbjørn Stuestøl
Førebels har eg brukt tabell med array i parentes der eg finn det nødvendig. For subrutine har eg brukt subrutine. Tykkjer «underrutine» verkar kunstig her. Men språk er stort sett vanar, så …
Eigentleg er vel dette ikkje noe stort problem i og med at dei truleg få som bruker BASIC i LibreOffice, er vane med både array og subrutine.
det trur eg også.