Kolbjørn Stuestøl skreiv 18. juni 2018 23:15:
[…] Eit anna spørsmål: Dersom lista først skal omarbeidast, kunne ho bli ei fellesordliste for både bokmål og nynorsk?
Slik det er no, er ho ei fellesordlista for både bokmål og nynorsk, men er redigert på bokmål. Stort sett er orda dei same på nynorsk, berre med ei -ar-ending eller liknande. Men der det faktisk trengst ei anna omsetting for nynorsk, kan me skriva dette i parentes.
Men viss me flyttar fellesordlista til ei ny plattform, er eg einig i at me kan ha eit eige felt for nynorsk. Men meiner det er best at me berre fyller ut dette der nynorskomsettinga er vesentleg forskjellig for bokmålsordet (eks. «condition» vert «betingelse» på bokmål men «vilkår» på nynorsk). Elles blir det berre mykje ekstraarbeid (ved første omsetting *og* ved vedlikehald) til lita nytte.
Med forklaring tenkte eg helst på bruksområdet dersom det opphavlege ordet blir brukt i fleire samanhengar. Er kanskje ikkje aktuelt i dette tilfellet. "Reflower" av loddetinn er vel lite brukt i denne delen av dataverda? :-)
Ja, det har me gjerne med der det er naturleg. Du finn fleire eksempel på dette i fellesordlista. Men oftast er det ikkje nødvendig å ha det med, då fellesordlista gjeld dataord (så me treng ikkje skriva at «mus» er ein styrereiskap / ei inn-eining for personlege datamaskiner, ikkje ein gnagar).