Kolbjørn Stuestøl skreiv, den 01. jan. 2009 23:12:
I dei tidlegare omsetjingane mine har eg brukt «skjermdump» for «screenshot». I miljøet mit var ordet i bruk for denne funksjonen frå lenge før GIMP, og eg tenkte ikkje meire over det. For meg er ordet så naturleg og eintydig at eg gjerne kan halde fram med å bruke det. Men i Fellesordlista er set brukt «skjermbildekopi, kopi av skjermbildet». For meg minner «skjermbilde» mest om ein aktivitet på sjukehuset.
artig. trur i grunnen det er få under 50 som seier "skjermbilete" i staden for røntgenbilete (ikkje meint fornærmande :-)
einig med det Karl Ove seier, det er mindre presist med "skjermbilete" enn "skjermbiletekopi", sidan ein kan bruke "skjermbilete" om noverande tilstand på skjermen ("skjermbiletet vart raudt"), men i praksis vil det ikkje vere tvetydig. "Nytt skjermbilete" er litt på kanten, slik sett, det kunne tolkast som "start med ny blank skjerm". kanskje "Nytt bilete av skjermen" ville vere betre.