Sjur Nørstebø Moshagen:
Private namn: MacOS X kjem med fleire program. Nokre av dei har eigne namn på visse språk, men ikkje på andre, medan andre program har same namn på alle språk. T.d. heiter programmet som på engelsk heiter TextEdit Teksturi på finsk, medan det på norsk (dvs bokmål) heiter TextEdit (som på engelsk).
Der har du eit poeng. I KDE har me òg vald å omsetta namna på nokre program, som Potetfyren (Potato Guy) og Kabal (KPatience). Dette er hovudsaklig aktuelt for *mindre* program, og berre program som har beskrivande namn.
(På Windows har Microsoft òg vald å omsetta namna på nokre mindre program/verktøy, som Notepad/Notisblokk og Minesweeper/Minesveiper, men ikkje større program som Word og Excel.)