Angående KDE på bokmål så planlegger jeg et "fremstøt" på det igjen.
Noe av det jeg sliter litt med er å bestemme meg for hvor jeg skal starte (utrolig dyktig prokrastinator), så alle tips mottas med takk. En annen ting er at den eneste kontakten jeg har med andre oversettere er denne e-postlisten her, og den dreier seg vel hovedsakelig om nynorsk og ikke bokmål :)
Med vennlig hilsen Dan Åsen Hansen
tor. 21. apr. 2022 kl. 22:10 skrev Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org:
Øystein Steffensen-Alværvik skreiv 16.04.2022 13:34:
Som brukar av nynorsk KDE til dagleg synest eg at tilstanden til
omsettinga framleis er svært god, takka vere Hufthammer sitt arbeid med dette over fleire år. Dei fleste synlege tekstar i skrivebordsmiljøet (og mange andre program) er omsette, sjølv om dei aller nyaste versjonane no har litt fleire ikkje-omsette tekstar enn tidlegare. Her er det berre å bidra om ein ønsker.
Ja, tilstanden til KDE (som no eigentleg heller bør kallast Plasma + program frå KDE) på nynorsk er rimeleg bra. Eg trur ikkje KDE var betre på nynorsk før.
Men omsetjinga er litt i vedlikehaldsmodus. Eg har trappa noko ned og vedlikeheld stort sett berre dei programma eg sjølv brukar + det viktigaste i Plasma. Men *mange* gamle program har òg ganske komplette omsetjingar, sidan det ikkje har vore særlege endringar i dei engelske tekstane dei siste åra. Her er ei oversikt over (nesten?) alle brukarprogramma (som ein vel kallar «appar» no):
https://apps.kde.org/nn/Og her er litt historisk statistikk over aktiviteten på nynorskomsetjinga frå 1999 til i dag:
https://huftis.org/kritikk/translation-statistics-nn.pngTalet i kvar boks viser til kor mange ulike *omsetjingsfiler* som, ifølgje filhovudet i filene, vart redigerte av den aktuelle personen det aktuelle året. Mange feilkjelder som gjer at tala bør tolkast med varsemd, men tala gjev ein god peikepinn på aktivitetsnivået.
Her er tilsvarande statistikk for bokmål:
https://huftis.org/kritikk/translation-statistics-nb.pngKDE på bokmål ligg altså mykje dårlegare an enn nynorsk. Med unntak av nokre få, spreidde bidrag dei siste åra, har det ikkje vore noko omsetjingsaktivitet på bokmål sidan 2015, då Bjørn Steensrud var aktiv.
Men, som Øystein skriv, er det berre å bidra i omsetjingsarbeidet om ein ønskjer, anten på nynorsk eller bokmål.
-- Karl Ove Hufthammer
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org