Sundag 05 oktober 2008 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
Elles synest eg *ikkje* me bør ta utgangspunkt i bokmål når me vel kva ord me (ikkje) skal bruka i nynorskomsettinga. Nynorsknormalen vår bør stå på eigne bein, og ikkje vera definert som «det motsette av bokmål».
det er greit nok, men når ein har gode og klassiske nynorskord, så synest eg vi skal bruke dei når vi fyrst har lagt oss på den konservative lina med a-infinitiv.
Me har *ikkje* lagt oss på ei konservativ linje. Dette har vore diskutert før. Nynorsknormalen vår er verken spesielt konservativ eller spesielt radikal; han er ein mellomting.
trå/tre (i kraft)
"trå" er bokmål, som Erik seier.
Nei, Erik seier ikkje det, og det stemmer heller ikkje. Det ser ut til at me skal bruka «tre» på både bokmål og nynorsk, men eg synest godt ordbøkene kunne vera klarare på dette.
eg finn ikkje "trå" i denne tydinga i Nynorskordboka, kan du hjelpe meg?
Eg forstår ikkje. Me kom jo fram til at det var «tre» som var det rette, både på bokmål og nynorsk.