su. den 28. 07. 2024 klokka 12.40 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 26.07.2024 20:37:
quark – særhet, særegenhet Min ordbok foreslår «Kvark», hva nå dette enn er.
Tippar det er ei feilstaving av quirk. Treng uansett ikkje stå i fellesordlista.
vil gjette grunnen til at dette ordet er med i lista hans er "quirks mode", ein kompatibilitetsmodus i nettlesarar.
https://en.wikipedia.org/wiki/Quirks_mode
om det skal med i lista, er det heile uttrykket som bør inn. men eg trur ikkje det er verdt å omsetje til noko anna enn "quirks-modus".
redundans – reserve, overskudd, overflødighet, overtallinghet
redundans er det norske ordet for redundance. Det skal kanskje stå redundance i engelsk-feltet her?
Ja. Men me bør forkorta alternativa på norsk. Eg føreslår:
redundant/redundancy – reserve-, redundant/redundans
Ordet er ikkje mykje brukt. Her er eit eksempel:
You can specify multiple hosts for redundancy.
Det kunne me kanskje omsett noko slikt (er ikkje heilt fornøgd):
Du kan oppgje fleire vertar for å ha i reserve.
[Viss ein ikkje får tilgang til første vert, prøver ein nummer to osv.]
ein har oftast aktiv-aktiv redundans (alle tenarane jobbar og deler på oppgåvene), og då vert det feil å seie dei er i reserve, generelt sett. "overkapasitet" er meir teknisk korrekt, IMHO. i ditt eksempel kan også "feiltoleranse" fungere.