I KBabel er det visst tre ulike ordlistetypar. På engelsk heiter dei "Translation Database", "PO Auxillary" og "PO Compendium". Så vidt eg skjønar, er "PO Auxillary" den ordlista som inneheld omsetjingar til andre språk.
Korkje omsetjarhandboka eller KBabel-"dokumentasjonen" seier stort om kva dei to andre er. Og sidan omsetjarhandboka berre brukar dei norske namna, og eg ikkje har nynorske po-filer installert (og det er ikkje min maskin, så eg kan ikkje fiksa utan vidare) så skjønar eg ikkje heilt kva som er kva.